LEIAR:
Me vog kvart ord
Ungdommane i Longyearbyen har vist imponerande styrke og klokskap år etter år.
Sidan åtaket 22. juli 2011, har verda endra seg. Også i Longyearbyen har dei store konfliktane kome nærare, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
I år er det 15 år sidan fem ungdommar frå Longyearbyen vart angripne på Utøya. Johannes Buø (14) vart brutalt drepen. Astrid Sylte symde for livet med telefonen i munnen, og kom som Aslak Brattset og Torje Hansen frå hendinga utan fysiske skader. Viljar Hansen vart skoten fem gonger, mellom anna i hovudet. Han kjempa seg til livet.
Det var ein fredag. Like før arbeidsdagen var slutt, kom informasjonen om bomba som hadde gått av i regjeringskvartalet i Oslo. Utover kvelden kom meldinga om skyting på Utøya. Laurdagen etter hadde eg fri, skulle dra på langtur med båt. I staden dro eg rett til kontoret i berre pysjen laurdag morgon. Kollegaen min Kjersti Kvile var på vakt og hadde byrja å hente inn informasjon om korleis det gjekk med våre ungdommar. Fem av dei var på Utøya. Det var ikkje sikkert alle hadde klart seg.
Me gret og skolv – som resten av landet. Så kledde me på oss journalistrolla og byrja å skrive. Me vog kvart ord og justerte vekta undervegs.
Ungdommane som drog til Utøya var fulle av liv, meiningar og vilje til å gjere Longyearbyen og Noreg til ein betre stad. Til å finne gode løysingar. Dei kunne snakke dei vaksne midt imot, som i saka om skjenkebevilling i kafeen i kulturhuset. Det var dei sterkt imot. Dei jobba fram kulturkort for ungdom og ein kultur for å bryte meiningar og tørre å seie kva ein meiner.
Det er 15 år sidan ein høgreekstrem terrorist i politiklede gjekk til åtak på demokratiet, rettsstaten og eit ope og mangfaldig samfunn. 15 år sidan Noreg bada i roser. I Longyearbyen var det gruvebus-statuen som vart det naturlege samlingspunktet, kledd i raudt. Rosehavet kom til å symbolisere ønsket om å møte terror med demokratiske verdiar, fellesskap og medmenneskelegdom, framfor frykt eller hemn.
Sidan åtaket har verda endra seg. Også i Longyearbyen har dei store konfliktane kome nærare. Me diskuterer tryggleik, openheit og tillit på ein annan måte enn før. Spørsmålet frå 22. juli er framleis aktuelt: Korleis tek me vare på demokratiet – utan å la frykta få styre oss?
Ungdommane i Longyearbyen har vist imponerande styrke og klokskap år etter år. Hjelp oss å hugse, sa Iben Abild under 17. maitalen ved minnebautaen etter Johannes Buø. Ho er ei av dei unge i Longyearbyen som ikkje kan hugse terroren, men som kjempar vidare, som hever stemmen. Hjelp oss å hugse, sa Abild, slik at me kan love kvarandre å aldri måtte betale den dyrkjøpte lærdommen igjen. For haldningar skaper handlingar.
– Hat byrjar ikkje med vald. Det byrjar med ord. Og at me gøymer oss bak stille, når me burde seie ifrå om urett, sa ho.
Iben Abild har rett. Hat byrjar med ord. Det gjer tillit òg. Og det gjer demokratiet. Difor må me velje orda våre med omtanke. Ikkje kaste dei ut i kommentarfelt på sosiale medier utan tanke på kva dei gjer med menneske – og med samfunnet.
Når rosene blomstrar denne sommaren, håpar eg dei kan minne oss om kva dei ein gong kom til å symbolisere. Og når du ser urett, hev stemmen.
Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne imot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.