KRONIKK:

To Svalbard-turar år 730 og 750 etter ein mega-gneist i 711

Kvifor tok nordmenn skyhøge sjansar med å sigla på Svalbard før 730? For det gjorde dei. Ferdene som denne munken skriv om, var verkelege.

I ein tekst frå om lag år 730 syner det seg at Gud har teke på seg alle slørane sine for å skåna oss i øylandet frå å verte brende i hel av det vi no kallar nordlyset.
Publisert Sist oppdatert

Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Som forskar innan arabiske tekstar, no på vitjing i Longyearbyen, skal eg fylgja opp kronikken min frå 1.11.2025. Det gjeld ei merkeleg ferd der ein muslimsk krigarhelt vandrar til fots åleina mot nord over frøse hav. 

Kor er han? I ei avhandling argumenterar eg for at så vel Midtausten som unge Muhammad vart sterkt prega av Aust-Romarriket sine norske elitesoldatar ved namnet «erular» eller på moderne mål, «jarlane». Desse jarlane fortelde Muhammad mykje frå Norge. 

Nett difor er det opplagt kor helten labbar i veg. I Noreg, og verre med, på kysten av audaste Finnmark, så fylgjer tjue døger over isen. Det einaste landet nord om Fastlands-Noreg er jo det øylandet vi no har eigt i hundre år. Ingen ting å tvila på: Denne figuren kjem til Svalbard.

Slør av eld på himmelen

Det er eit ekte øyland «lengst nord i Mørkrets hav», men utan andre menneskje enn helten sjølv. Derimot finst englar i fleng og viktigare, det går an å sjå Gud. Dette er litt av teksten i et skodespel eg meiner er betre enn noko Shakespeare har skrive. 

Kronikkforfatter Håkon Stang jobber med arabisk språk og litteratur ved Norsk institutt for filologi.

Ein engel held hovudfjellet i handa si, og helten spyr om kva som er bak det: 

«Sytti skjermande slør av eld, sytti slør av røyk, sytti slør av is og sytti slør av skyar … bakom det er Tronstolen sine englar … hovudane på dei når den høgaste himmelen … og hadde det ikkje vore for desse slørane eg har nemnt for deg som er framfor dei, då ville eg og dette fjellet ha vorte bronne opp av flammane frå lysane deira.»

Dette er særs muslimsk tenkt og formulert – for ordet som vert nytta om slør i denne teksten, er hijab! Det syner seg her at Gud, evig omsynsfull, har teke på seg alle hijab-slørane sine for å skåna oss som bur i eller vitjar Longyearbyen, Barentsburg og andre lutar av øylandet her nord frå å verte brende i hel av dei himmelslørane vi no kallar nordlyset.

Han som forfatta skodespelet, kom han seg til kva vi i dag kallar Svalbard? Nei. Det her er berre ei lita vitjing inni eit skodespel om korleis verda heng i hopes.

Tidleg vikingtid

Skildringane herfrå har han henta hjå ein engelsk munk som skreiv på latin under løgnnamnet Æthicus om lag år 730. Verket hans vart reine landeplagen i Europa og kom au til Damaskus og Baghdad, der det inspirerte det arabiske kosmologiske skodespelet vi siterer frå over. Munken ved Malmesbury-klosteret på grensa mellom Wessex og Mercia måtte passa seg for kjerkeleg sensur. Han fekk tak på informasjonane sine frå norske sjøfolk i engelsk hamn og ved sjølv å reisa ut. Ting tyder på at dei to møtte kverandre ein plass i Kalifatet. 

Kvifor har vi så tidlege kjelder? Og kvifor tok nordmenn skyhøge sjansar med å sigla på Svalbard før 730 – for det gjorde dei: Ferdene som denne munken skriv om, var verkelege. 

Den arabiske teksten gjeld ei merkeleg ferd der ein muslimsk krigarhelt vandrar til fots åleina mot nord over frøse hav.

Det skyldast at andre arabiske kjelder syner at vikingtida ikkje tok til i året 793 med åtaket på eit kloster ved Lindisfarne, men i 711 med ein spansk-gotisk konvertitt til islam, ein handelsmann som vart hylla under erobringa av Spania og til takk fekk tittelen amir og slo seg opp som fyrste i Gamle Ladoga. Det Columbi-gullegget han la, var å innføra muslimsk slavehandel med slavarar frå nord til dei ovdigre marknadane i det som no er Irak og Syria, Egypt og Spania. Andre luksusvarar gjekk same vegen, inklusive frå Svalbard. 

Denne gotaren åtte mange namn. Han heitte Ansabaira, «Guds Bjørn» på gotisk, Avesan på russisk, Abu Hasan på arabisk, og han sto modell til Espen Oskefis, eller på bokmål, Espen Askeladd, Shakespeares Hamlet og russiske Jemelja Idioten. Men se det er ei anna historie. 

I sum: Sånn som engelsk er verdsspråk i dag, var det med arabisk då den klassiske vikingtida tok til. Avgjerande kjelder er likevel ikkje nytta – eller rettare, ikkje før no. Det gjeld au om den mega-gneisten i 711 som tende vikingtida vår. Som vi aldri vert ferdige med. 

Då er det kjekt å få taka ein og annan urpremiere her i Svalbardposten.

Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne imot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.

Powered by Labrador CMS