LEIAR:

Tør du verkeleg å reise til Svalbard?

Svalbard har blitt ei scene for storpolitikk, sterke overskrifter og russiske reaksjonar. Då har media og styresmaktene eit ansvar for å fortelje kva som faktisk skjer utan å skape meir dramatikk enn det er grunnlag for.

Norske styresmakter seier at dei ønskjer eit robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen. Då betyr også forteljinga om Svalbard noko, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Publisert

Tør du verkeleg å reise til Svalbard? 

Det var spørsmålet ei av Svalbard-venn­innene mine fekk då ho var på heim frå fastlandet. Det var veka etter at Syssel­meisteren hadde tatt arrest i «Professor Moltsjanov». Avisene hadde titlar som «Russland reagerer på Svalbard-beslag: – Piratvirksomhet» og «Russland raser mot Norge: En stor utenrikspolitisk krise».

Fleire av dei største mediene sendte folk til Svalbard. Dei stilte det same spørsmålet som etter at Trump ville ta Grønland i fjor: Var me redde no?

Norske medier skal ikkje tone ned konfliktar eller la vere å fortelje om sterke, russiske reaksjonar. Men det er heller ikkje vår oppgåve å hause opp dramatikken meir enn det er grunnlag for. Me skal omtale kva som er russisk syn i saka. Men når dei sterkaste skuldingane frå Russland blir løfta rett inn i overskrifter, må me også stille spørsmål ved kva me er med på å forsterke og for kven.

Det var ikkje norske styresmakter som bestemte at ukrainske Naftogaz hadde rett til å ta beslag i eit russisk skip. Det var ein internasjonal domstol. Norsk domstol fulgte folkeretten og gav medhald i at kravet gjeld også her. Likevel kunne ein etter nokre dagar med overskrifter sitte igjen med eit anna bilete: Noreg hadde gjennomført ein hemmeleg aksjon mot eit russisk skip. Putin og Russland rasa. Forsyningane til Barentsburg var truga. Ei utanrikspolitisk krise var under oppsegling. 

Svalbardposten stilte spørsmål til Utanriksdepartementet om dei utanriks­politiske konsekvensane av saka. Svara fekk me frå Justisdepartementet. Dei understreka at Noreg ikkje var part i saka. 

Utanriksdepartementet uttalte seg etter kvart til andre medium. Dei avviste russiske skuldingar og slo fast at norsk myndigheitsutøving på Svalbard er i tråd med svalbardtraktaten. Dei understreka ansvaret for dei grunnleggande behova i Barentsburg. Spørsmåla frå Svalbardposten om korleis dei vurderte dei utanrikspolitiske konsekvensane, og kva dei ville seie til folk som eventuelt vart uroa, fekk me ikkje svar på.

Kva for eit bilete sit folk att med? Var det eigentleg litt skummelt då, når styresmaktene såg seg nøydde til å hasteinnføre ei forskrift?

Tryggleikspolitikken kjem på toppen av at me ikkje har reint drikkevatn i springen, og at Longyearbyen har blitt dyr å bu i. 

Fleire verksemder i Longyearbyen treng nye folk. Det renn ikkje nødvendigvis inn med søknader, heller ikkje til avdelinga i Longyearbyen lokalstyre som jobbar for drikkevatn i springen ett år etter at me gjekk over til å hente på dunk. 

Norske styresmakter seier at dei ønskjer eit robust norsk familiesamfunn og at Longyearbyen skal vere attraktivt å bu i. Då betyr også forteljinga om Svalbard noko. 

Den må vera så tydeleg at ingen får spørsmålet: Korleis tør du å bu der?

Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne imot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no. 

Powered by Labrador CMS