DEBATT:

Når vatnet ikkje lenger er sjølvsagt

Sjølv i eit av verdas rikaste land er trygg tilgang til reint drikkevatn ikkje sjølvsagt.

I lang tid har LL fraråda Longyearbyens befolkning å drikke vatn rett frå springen.
Publisert

Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nesten 2 000 kilometer skil Høyanger og Longyearbyen. Det eine samfunnet ligg mellom bratte fjell og djupe fjordar på det nedbørsrike Vestlandet. Det andre ligg på eit elvedelta ved foten av isbrear og fjell i Arktis, så nedbørsfattig at området blir rekna som arktisk ørken. Begge er historisk bygde på naturressursar – det eine på vasskraft, det andre på kol. Likevel deler dei no ei utfordring som burde få langt fleire enn innbyggjarane til å stoppe opp.

For meg er dette ikkje berre to punkt på kartet. I Longyearbyen bur eg, og har kvardagen min. Høyanger er heimbygda mi, og fastlandsstaden eg alltid vender tilbake til. Difor har det gjort inntrykk å sjå at begge lokalsamfunna, trass i svært ulike føresetnader, har opplevd utfordringar med den same livsnaudsynte ressursen.

Eg har alltid tenkt på Høyanger som ein stad med vatn i overflod, og Longyearbyen som ein stad der vatnet måtte forvaltast varsamt. At begge no opplever utfordringar med drikkevatnet, fekk meg til å innsjå kor sårbar denne ressursen eigentleg er.

Janne Kristin Bøyum bur i Longyearbyen, men er opprinneleg frå Høyanger i Ytre-Sogn.

Trass i store naturgitte og klimatiske forskjellar står begge lokalsamfunna overfor den same påminninga: Reint drikkevatn er ikkje noko vi kan ta for gitt.

Den siste tida har både Høyanger og Longyearbyen vore omtala i lokale og nasjonale medium på grunn av utfordringar med drikkevatnet. I Longyearbyen har innbyggarane over lengre tid blitt rådd til å ikkje drikke vatn frå springen fordi innhaldet av mellom anna mangan, nikkel og sulfat har vore høgare enn dei anbefalte verdiane frå FHI. I Høyanger har innbyggarar i delar av kommunen opplevd både drikkestopp etter funn av høge konsentrasjonar av aluminium i drikkevatnet og i andre delar fleire år med dårleg lukt og smak frå nye kommunale leidningar. Situasjonane har ulike årsaker, men dei peikar mot den same erkjenninga: Sjølv i eit av verdas rikaste land er trygg tilgang til reint drikkevatn ikkje sjølvsagt.

Kontrastane mellom dei to stadene er eigentleg fascinerande. Høyanger hentar drikkevatnet sitt frå fjellvatn i eit område som er kjent for store nedbørsmengder og rike vassressursar. Longyearbyen er derimot heilt avhengig av éi kjelde – Isdammen – som forsyner heile lokalsamfunnet med drikkevatn store delar av året. Flyfoto syner kor brun den grunne og sedimentfulle vasskjelda er. Isdammen ligg i eit landskap der klimaendringane fører til at permafrosten gradvis tinar og føresetnadene for infrastrukturen endrar seg.

Det eine samfunnet har vatn i overflod og fleire vasskjelder å spele på. Det andre har eit tørt klima og berre éi kjelde. Likevel viser begge at tilgang til reint vatn ikkje berre handlar om kor mykje vatn vi har, men om korleis vi forvaltar, overvaker og sikrar ressursen.

Isdammen er Longyearbyens viktigast drikkevannsreservoar, men er kunstig framstilt.

Vi nordmenn er vane med å tenkje at vatn alltid finst. Vi opnar krana, og vatnet kjem – reint, trygt og i uavgrensa mengder. Men det er ikkje naturen åleine som sørger for dette. Reint drikkevatn er resultatet av langsiktig planlegging, investeringar, vedlikehald og kompetent forvaltning. Det er kritisk infrastruktur som krev kontinuerleg merksemd.

Samfunnsplanlegging handlar ofte om kvar vi skal bygge bustader, næringsområde og vegar. Men den handlar like mykje om å sikre dei grunnleggande funksjonane som gjer eit samfunn leveleg. Få oppgåver er viktigare enn å sørge for at innbyggarane har tilgang til trygt drikkevatn – både i dag og i framtida.

Vatn er ein sentral del av Totalberedskapsmeldingen – Forberedt på kriser og krig, som regjeringa la fram for om lag halvanna år sidan. 2026 er peika ut som Totalforsvarsåret, ofte omtalt som «beredskapsåret». At desse hendingane er aktuelle no, gjer bodskapen endå tydelegare. Myndigheitene oppmodar oss om å ha eigne beredskapslager med mat og vatn dersom ei krise skulle oppstå. Det er gode råd. Men den viktigaste beredskapen blir bygd lenge før krisa kjem – gjennom robuste vassverk, sikre vasskjelder, god samfunnsutvikling, arealplanlegging og politiske prioriteringar som tek vare på den infrastrukturen vi sjeldan ser, men som heile samfunnet er avhengig av.

Klimaendringane gjer denne problemstillinga endå meir aktuell. På Vestlandet blir vi varsla om meir ekstremnedbør, flaum og skred. På Svalbard stig temperaturen fleire gonger raskare enn det globale gjennomsnittet, permafrosten tinar og jordskred vert brått tema. Ulike landskap møter ulike utfordringar, men konklusjonen er den same: Ei robust vassforsyning kjem ikkje av seg sjølv. Ho må planleggast for.

Difor må vi slutte å sjå på vatn som ei uuttømmeleg ressurs. Globalt lever milliardar av menneske utan trygg tilgang til reint drikkevatn. FN har slått fast at tilgang til reint vatn er ein menneskerett. Berekraftsmål nummer seks handlar om å sikre reint vatn og gode sanitærforhold for alle. Vi tenker ofte at dette er utfordringar som høyrer til andre delar av verda.

Men den siste tida har Høyanger og Longyearbyen vist oss noko anna.

To lokalsamfunn på kvar si side av landet har på kvar sin måte minna oss om kor sårbar sjølv den mest grunnleggande infrastrukturen kan vere.

Drikkevatn på dunk har blitt ein vanleg del av kvardagen i Longyearbyen.

Reint vatn er ikkje berre ein naturressurs. Det er folkehelse. Det er samfunnstryggleik. Det er beredskap. Den beste beredskapen blir ikkje skapt når krisa oppstår. Den blir skapt mange år tidlegare gjennom god planlegging og kloke prioriteringar.

Når vatnet ikkje lenger er sjølvsagt, blir verdien av det vi tok for gitt, tydeleg.

Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne imot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no. 

Powered by Labrador CMS