LEIAR:
Set tal på heimar – ikkje på bygg
Når staten både er eigar og set rammene for korleis bustadmarknaden skal utviklast, har den også eit særleg ansvar for at marknaden fungerer.
Me treng føreseielegheit, nok boligar og å ta vare på historie og identitet, skriv Svalbardpostens redaktør Line Nagell Ylvisåker i månadens leiar.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
Boligmangel har vore ei stor utfordring i Longyearbyen år etter år. Svalbardposten har skrive om firma som tykkjer det er særes vanskeleg å drive her. Utan bustader, ingen tilsette. Utan tilsette, ikkje bedrifter. Utan bedrifter er det berre statlege papirflyttarar og offentlege tenester att.
Svalbardmeldinga seier at bustadsmassen ikkje skal aukast frå nivået før skreda i 2015 og 2017. Styresmaktene vil ikkje at behovet for kostbar infrastruktur eller tenestetilbod skal auke. Longyearbyen lokalstyre (LL) har rekna seg fram til at det fanst 1.342 bueiningar i Longyearbyen før skreda i 2015 og 2017. I dag er talet 1.365, elleve til er på veg. No seier LL stopp til nye byggeprosjekt som aukar det totale bustadstalet. Noko må rivast før nytt kjem til.
Samstundes opnar sentrale styresmakter for at bustadforvaltarane har ein buffer for å gjennomføre naudsynt rehabilitering. Kva betyr det i praksis? Når bustader skal rehabiliterast, rivast og byggjast opp att, er det umogleg å få kabalen til å gå opp utan ledige bustader. Det er viktig at bufferen blir stor og fleksibel nok. Longyearbyen har ikkje ein vanleg bustadmarknad. Staten eig størstedelen av leilegheitene, og Store Norske er den einaste statlege aktøren som leiger ut til private bedrifter.
Når staten både er eigar og set rammene for korleis bustadmarknaden skal utviklast, har den også eit særleg ansvar for at marknaden fungerer. Staten må gi bedriftene føreseielegheit. Det gjer dei ikkje i dag. Bedriftene må vite at dei kan skaffe bustader til folk dei ønskjer å tilsetje. At dei ikkje blir skvisa ut når store prosjekt kjem til byen. Og dei må vite at bustadene som finst blir forvalta på ein måte som kjem lokalsamfunnet til gode. Det bør koma inn tal på kor mange heimar som skal vera tilgjengelege for fastbuande - slik at me sikrar at det er nok når dei store prosjekta kjem.
Forslaget til LLs strategiske næringsplan løftar også fram behovet for større openheit rundt tildeling og forvaltning av bustader. Når så mykje av bustadmassen er samla på få hender, må prinsippa vere tydelege. Men føreseielegheit handlar ikkje berre om kven som får tilgang på bustader. Det handlar også om kva som skal skje med bustadane som allereie finst.
Når staten eig så mykje av bustadmassen, må den ha langsiktige planar for rehabilitering og vedlikehald, ikkje la bygg forfalle slik den har gjort. Det vil gi større tryggleik for bedriftene som er avhengige av bustader til tilsette. Samstundes vil det gi meir føreseielege oppdrag til lokale handverksbedrifter, i staden for store riv- og nybyggprosjekt som ofte krev kapasitet utanfrå.
Samstundes som boligknipa blir strammare, står kampen om Longyearbyens identitet. Staten vil rive bustadbrakker i Nybyen som private ønsker å ta vare på. Spisshusa står i fare. Rekkehus kan fleire plassar bli erstatta med blokker og store byggeprosjekt. Me treng føreseielegheit, nok boligar og å ta vare på historie og identitet.
Med staten som største eigar bør det vera fullt mogeleg å legge ein langsiktig plan som sikrar begge deler. Me ventar i spenning.