Fangstmann Tommy Sandal er fortvila over at villmarka stadig skrumpar inn - og at ingen gjer noko med det.Foto: Tommy Sandal
tommy sandaltommysandalfangstmann
Publisert
Dette er skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I løpet av mine snart 25 år på Svalbard har eg vore vitne til at det eg kallar villmark, stadig skrumpar inn. Ferdsla aukar, i form av talet på folk både til fots og på ski, talet på fartøy og talet på snøskuterar. Områda desse ferdast i, breier òg om seg.
Det mest merkbare har vore den store auken i talet på fartøy. Samanlikna med for berre 15 til 20 år sidan, kryr det i dag av ulike turistfartøy rundt Svalbard. Synet, lukta og støyen frå desse forringar etter mitt syn villmarkspreg meir enn til dømes ein fast installasjon. Desse fartøya har også potensial til både ureining og på andre måtar forringing av naturen her oppe.
Tommy Sandal meiner støyen, lukta og synet av større og mindre fartøy rundt Svalbard forringar villmarkspreget meir enn ein fast installasjon.Foto: Tommy Sandal
Kva innverknad fartøya har på både villmarkspreg, artar og økosystem på Svalbard, er vel aldri undersøkt skikkeleg, styresmaktene har berre late denne store auken skje. Kvar vart det av føre-var-prinsippet? Kva med konsekvensutgreiing, slik til dømes etablering av mineralverksemd ville ha kravd?
Annonse
Nytt lovverk set no avgrensingar på kvar desse båtane har lov å gå i land, det er bra. Men det er framleis lov å gå i land på mange lokalitetar, inkludert heile Isfjorden, for folk frå alle verdsdelar, utan å fyrst desinfisera sko, klede eller utstyr. Kvar blir det av føre-var-prinsippet?
Tenderbåter og kajakker i Bellsund.Foto: Tommy Sandal
Det er framleis ingen avgrensing i talet på fartøy som kan ferdast rundt Svalbard, heller ikkje i nasjonalparkane. Enkelte i lokalbefolkninga i Longyearbyen, lokalstyret og turistnæringa meiner det no har blitt for mange reguleringar knytte til det å ferdast motorisert i naturen her oppe. Eg er heilt samd i at det no generelt er mange ulike reglar å forholda seg til her oppe, og skulle ønskja dette ikkje var slik. I forkant av førre runde med innstrammingar gjekk mange frå turistnæringa og lokalbefolkninga i protesttog mot desse reglane. Men dette er jo ein konsekvens av denne store auken i nettopp ferdsel og turistaktivitet på Svalbard dei siste åra. Det burde derfor ikkje koma som ei overrasking for nokon når styresmaktene prøver å stramma inn.
Sidan styresmaktene vedtok å avslutta gruveverksemd rundt 2016, har turistnæringa lukkast med å auka volumet kraftig. Styresmaktene synest ikkje å ha ein klar strategi når det gjeld turistnæringa her oppe, og det er visst opp til næringa sjølv å bestemma volumet. Grådigskapen kjenner ingen grenser, og så vidt eg veit vil næringa ha endå meir.
Hamna er ikkje lang nok, og det er ikkje nok hus å bu i. Når blir det eigentleg nok? Eg er ikkje imot turisme på Svalbard i utgangspunktet. Men måtehald og berekraft synest å vera ukjende omgrep i praksis. Måten det blir gjort på, og volumet og omfanget av ferdselen, er i dag så stort at eg vil kalla det masseturisme. Turistnæringa har utruleg mykje å gå på når det gjeld å bli meir berekraftig og eksklusiv her på Svalbard. Dei burde ha fokusert på dette frå byrjinga av, framfor einsidig vekst.
Det finst per i dag heller ingen reglar når det gjeld motorisert ferdsel her oppe som det ikkje er mogleg å leva med for den såkalla lokalbefolkninga. Tvert imot er lokalbefolkninga bortskjemd og tek det som ei sjølvfølgje at ein kan dura rundt med snøskuter eller båt over ufatteleg store område for rekreasjon. Det er ingen grunn til sutring. Dette er peanøtter samanlikna med kva andre lokalsamfunn har å stri med, verkelege problem. Og om nokon i lokalbefolkninga truar med å flytta ned på grunn av for strengt regelverk, ja så vil vel berre nokon andre flytta opp.
Annonse
Vi menneske er tilpassingsdyktige også når det gjeld reglar. Når det gjeld ei eventuell framtidig innstramming av motorferdsel på Svalbard, meiner eg likevel at lokalbefolkninga bør ha noko meir utvida rettar enn tilreisande, slik vi har i dag. Men for å halda oppe villmarksprega på Svalbard bør også lokalbefolkninga finna seg i eit noko endra regelverk. Dette vil neppe gå ut over livskvalitet eller bulyst for nokon, verken nordmenn eller andre. Men kanskje masseturismen gjer det?
Turister fotograferer og ser på naturen, og kanskje en fangstmann, i Bellsund.Foto: Tommy Sandal
Eg snakka forresten nyleg med ein kar som skulle flytta tilbake til Finnmark, han sa det var fredeleg der, medan det her oppe hadde blitt for mykje folk overalt. Det er sentrale styresmakter si oppgåve å ta vare på villmarksprega på Svalbard. Det har dei så langt ikkje klart, sjølv om dette i mange tiår har vore eitt av dei overordna måla norske styresmakter har hatt for Svalbard.
Skuffande nok har heller ikkje dei lokale styresmaktene, Sysselmesteren, gjort jobben sin med å halda oppe omfanget av villmarksprega område her på Svalbard. Eg har gjennom åra enno til gode å lesa eller høyra til dømes miljøvernsjefen eller Sysselmesteren offentleg uroa seg for den auka ferdsla her på Svalbard, utanom i enkelte høyringsbrev. Det tyder på at dei ikkje har fått med seg utviklinga, eller ikkje bryr seg. Eg kritiserer med dette ikkje enkeltpersonar som jobbar eller har jobba for Sysselmesteren, dei gjer nok så godt dei kan ut frå føresetnadene. Men slik systemet fungerer i dag, blir folk i etaten ofte verande i jobben berre eitt eller to år. Denne kortsiktigheita er eit problem og gjer at folk korkje ser utviklinga over tid eller har opparbeidd seg nok lokal kunnskap. Etaten er difor ikkje så profesjonell som ein kunne venta.
At det til stadigheit manglar folk i viktige posisjonar, eller at folk ikkje overlappar kvarandre ved jobbskifte, forsterkar dette. Etaten har heller ikkje meir oppsyn ute i felt i dag enn han hadde for 20 år sidan, sjølv om ferdsla og aktiviteten i løpet av denne tida er mangedobla, regelverket er utvida og fleire område er verna. Då harmonerer det dårleg at etaten har nedprioritert desse oppgåvene dei siste åra. Det er ikkje berre med lett hjarte eg no kjem med denne kritikken når det gjeld det å halda oppe villmarksprega på Svalbard, eg skulle jo ønskja eg slapp det. Men eg ser det eg ser, og det er at det blir stadig mindre villmark her oppe. Det er trist å oppleva. Det er også trist at ingen synest å bry seg, korkje sentrale styresmakter, Sysselmesteren eller lokalbefolkninga.
Har du noko på hjartet, eller vil du halda fram denne debatten? Vi tek gjerne imot lesarinnlegg og kronikkar på post@svalbardposten.no.