– Er me klare til å ta opp ballen - om det blir nødvendig?
Olaf Storø holdt tale ved bautaen ved Huset 17. mai.Foto: Line Nagell Ylvisåker
Olaf StorøOlafStorø
Publisert
Denne talen ble holdt ved bautaen ved Huset 17. mai
Gode vener. Denne bautaen er reist til minne om Einar Sverdrup. Einar ledet aksjonen med 58 menn, som fikk navnet Operasjon Fritham. Han var ikkje ein tilfeldig offiser som ble sendt nordover fordi han hadde ein ledig dag i London.
Han rekker praktisk talt «opp handa», han bygger opp kompaniet. Han var Store Norske. Han var bergingeniør. Han var teknisk direktør,
faktisk den yngste gjennom tidene. Han var mannen som hadde vært med på å bygga opp selskapets gruveanlegg i Longyeardalen.
Faktisk ligger Gruve 1b, satt i produksjon i 1939, i den nye bydelen som fekk navnet Sverdrupbyen. Dette var hans landskap. Det var hans anlegg. Det var hans folk:
han samla folk rundt seg som kunne Svalbard. Bataljonen som blei sendt til Svalbard har blant anna med seg gruvearbeidarar som ville sikra arbeidsplassane sine. Dei klarte å komma seg via Fardalen til Eindalen opp i fjellsida og gjennom fjellet til elektrikerverkstedet i Gruve 2.
Annonse
Her får dei oversikt over Longyearbyen, utan sjølv å bli oppdaga. Alle forsyningar går ned med båtane, det heile blir gjennomført med minimalt utstyr. Men, med menn som ville og kunne, menn som hadde dei fleste odds mot seg. Dei klarer å finna staden der husdyra blei skutt ved evakueringa av Barentsburg , ni månader tidlegare. Den strenge Svalbardvinteren har konservert kjøtet.
Sverdrup ble post mortem tildelt Krigskorset med sverd: «Falt under kamp i Isfjorden 14. mai 1942. Uredd og ærlig». Og det er kanskje derfor operasjon Fritham fortsatt sitter så hardt i Svalbard-historien: Fordi det ikkje var ein glansbildeoperasjon. Det var ein plan som gjekk galt. Ein ledar som døde mens han forsøkte å få mennene sine i sikkerhet. Under bombeangrepet høres stemmen hans. «Alle mann på land nå!» Ein styrke som mista nesten alt, men likevel ikkje drar heim til fastlandet. 14 menn dør, 15 blir skadd. Svalbardveteranen Thoralv Lund mister broren Olav når båtene «Isbjørn» og «Selis» blir bomba utafor Barentsburg. Faren Jon blir hardt skadd 14 mai, han dør seinare på sjukehuset i Barentsburg på 17. mai.
Nå må me sjå oss om etter folk som blir og sikre ei stabil bosetting, sa Olaf Storø.Foto: Line Nagell Ylvisåker
Saken er vel egentlig at Fritham viser den norske krigen på Svalbard i miniatyr. Ingen store paradar,
bare folk som visste at om dei slapp taket i Svalbard, ville andre fylla tomrommet. Og på Svalbard fylles alltid tomrom raskt. I den siste tida har me vore opptatt av at Gruve 7 er lagt ned og at gruvearbeiderane forsvinner.
Nå må me sjå oss om etter folk som blir og sikre ei stabil bosetting. Det er fleire bedrifter som har lengre botid blant sine ansatte enn gjennomsnittet i byen vår. La oss sjå på det frivillige brannkorpset vårt, og på «demokratiets lim» kulturlivet.
Og ikkje minst på ungdommane våre: Me treng at nåken «rekker opp handa»,
og «tar ballen».
Eit nytt bilde: Fra Sveio utafor Haugesund flykter ein 19 år gamal gut, Sverre Håvardsholm får militær trening i Skottland etter reis med fiskebåten M/S «Straumøy» forbi okkupasjonsmakta i 1941. I 1943 er han kanonskytter på Kapp Heer. Dei er komt for å avløysa den styrken som har overvintra. Sønnen Jan Åge kjem på besøk i Sjøområdet tidleg på 2000-talet. Han har med seg bildet av faren ved luftvernskanonen: Jan Åge lurer på om dette er tatt i Longyearbyen? Det var lett å sjå at bildet er fra Barentsburg-området.
Annonse
Thoralv Lund beskriver Sverre som ein kar ein kan stola på, som alltid er påskrudd. Det er som å høyra beskrivelsen av sonen Jan Åge. Så tilbake til det som skjedde i Barentsburg: Tyskarane kastar granater mot Sverre og kameratane, dei har lært å kasta granatene tilbake. Så merker dei at granatene holdes lengre etter splinten er tenkt ut. Sverre blir utsatt for ein kraftig granateksplosjon. Livet hans blei seinare redda av tyske legar på krigsskipet «Tirpitz». Han havner i fangenskap i Tyskland.
Han var òg ein som «rakk opp handa». I dagens situasjon er det naturleg å spørre: Er me klare,
for å ta ballen? Om det blir nødvendig?