REDAKTØREN MEINER:
No startar det – på ordentleg
Historia skal takast med, men ho kan ikkje få halde oss tilbake.
Det finst ingen ferdig plan som kan erstatte det som no er borte, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker i denne leiaren.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
No er det ikkje lenger gruvebus i byen. Dei som er att, er anleggsarbeidarar. Kontrollingeniør Dan Andre Danielsen konstaterte fakta medan han traska mot dagen måndag ettermiddag. Han hadde nettopp halde tale, det var slutten. Den endelege.
Gruvegangen er stengd med kjetting og lås, nøkkelen er kasta inn i mørkret.
I over 100 år var gruvedrifta fundamentet for samfunnet vårt. Ho har gitt arbeid, varme og retning. Ho har forma byen og menneska som bur her.
Slutten har vore varsla lenge. No er det ikkje lenger noko å halde fast i. Ansvaret ligg ikkje lenger i fjellet. Det ligg ute i dagen, hos oss.
Mange av husa og infrastrukturen vår vart bygd då Longyearbyen var company town under Store Norske. No har mykje nådd slutten av levetida si. Det skal rivast og byggjast på nytt. Det gir ei moglegheit, men også eit ansvar. Det krev at fleire tek eigarskap til utviklinga av byen, til løysingane som blir valde, og til retninga me går i. At folk hevar stemma og let meiningar brytast for å koma fram til dei beste alternativa. At prosessane er opne, slik at debatt blir mogleg.
Mykje av retninga blir framleis sett i Oslo. Difor må me også vera tydelege på kva som er utfordringane og kva som er til beste for byen. Det krev at me løftar blikket, også når endringane er krevjande. Samstundes må me ikkje bli ståande att, verken i fortida eller i fjellet.
Longyearbyen skal ikkje berre fornyast. Den skal veljast. Kva slags samfunn skal dette vere? Kven skal byen vere til for? Kva skal halde oss her, og kva skal få nye folk til å kome?
Styresmaktene ønsker eit levedyktig norsk familiesamfunn, at ikkje norskandelen skal gå ned. Men det finst ingen ferdig plan som kan erstatte det som no er borte. Det me veit, er at byen skal byggjast vidare på turisme, forsking og romverksemd. Det som kjem vidare, må byggjast – politisk, praktisk og menneskeleg.
Det som blir bygd no, kjem til å definere Longyearbyen i tiåra som kjem. Me må bestemme oss for at det skal bli bra. Longyearbyen er ikkje gruvene. Longyearbyen er menneska.
I eit lite samfunn er ingen ubetydelege. Kvar og ein fyller fleire roller – i familie, arbeid og fellesskap. Tryggleik, tilhøyrsle og livskvalitet blir skapt i kvardagen, av dei som bur her. Det er det som er styrken vår. Og det er det som må vere fundamentet vidare.
Historia skal ikkje leggjast bak oss. Ho skal takast med, men ho kan ikkje få halde oss tilbake.
No går starten. Det er ikkje fløtsen som avgjer kvar vegen går vidare. Det er me.