Kongeparet var på besøk i Gruve 7 den 16. juni 2025. Der fekk dei oppleve samhaldet og kulturen.Foto: Line Nagell Ylvisåker
Line Nagell YlvisåkerLine NagellYlvisåkerRedaktør
PublisertSist oppdatert
Det er berre litt over eitt år sidan kong Harald stavra seg i land på Bjørnøya. Øya låg som ho oftast gjer, innhylla i tåke. Det var uråd å lande der med helikopter, slik planen var.
Kongen kunne ha sagt nei, dette blir for styrete, men han gjorde det motsette. Dronning Sonja reiste først i land for å rekognosere. Deretter kom kongen med lettbåt og bukserte seg opp på planet av ein traktor.
– Dette er en del av Norge. Derfor er me her, sa kong Harald på sitt første Bjørnøya-besøk.
At besøket også skjedde same år som Svalbard har vore norsk i 100 år, ga det ekstra tyngde.
Annonse
Då han seinare kom til Longyearbyen, og møtte folket på torget, spøkte han på sitt lune vis av transporten på hagebenken bak på traktoren Tuk-Tuk.
- Jeg har gjennom livet blitt fraktet rundt på mange slags kjøretøy. Men jeg har aldri, tror jeg, sittet på en hagebenk bakpå en traktor. Det gikk riktig så bra, sa kong Harald (88) i talen sin på torget i Longyearbyen.Foto: Cornelius Poppe, NTB
Kongeparet hadde vitja Svalbard fleire gonger frå dei var kronprinspar og fram til no. Kongen fortalde at dei hadde gleda seg til å koma tilbake.
Då kongen kom, helt gruvebusen på å skrape ut det aller siste kolet frå Gruve 7.
Det låg eit støv av vemod over gruvearbeidarane og byen. Men også stoltheit. Næringa og kulturen Longyearbyen vart bygd på var i ferd med å forsvinne, men gruvebusen var fast bestemte på å stå på til siste slutt.
Inne i opphaldet oppfordra busen kongen til å be om si eiga gruve i neste statsråd, og få den kalla opp etter seg, slik som sin far - Kong Olav 5. gruve.
Annonse
Då dei ymta frampå om at det måtte gå an å fikse i statsråd, braut det ut latter også i opphaldet.
Det vart ikkje noka Gruve 8, men busen og gruvekulturen vart sett og anerkjent.
Etter besøket la kongen ned krans ved gruvebusen på torget. Han inviterte også til festmiddag, og det var gruvebusen som var hovudgjestar. Kongen gjekk gjennom lokalet med kroppen støtta av krykkene, men med eit hovud som var skarpare, sterkare og klokare enn dei fleste.
Etter gruvebesøket la kongen ned krans ved gruvebusen på torget.
Gruvebusen på torget er stedet hvor innbyggerne i Longyearbyen legger ned hilsener.Foto: Anna Stjern
I dag er busen full av blomar og helsingar til kongen. Han som såg oss her lengst nord, og som viste styrke og retning med hjartet.
Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne imot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.