Hald Austfjordnes varm

Publisert Sist oppdatert

Svalbard er natur, men også kultur, fascinasjon og draumar. No står gruvekulturen for fall. Den siste norske kolgruva, Gruve 7, skal leggjast ned i 2025. Då er det slutt på svartsminka mannfolk på butikken, kjærleiken til dei mørke, djupe fjella og samhaldet dei har gitt.

Allereie før folk byrja å banke ut kol på øygruppa, kom fangstfolk nordover med ein draum om det frie livet, eit eventyr i den mektige Svalbard-naturen og pengar på bok. Dei sette opp revefeller, sanka dun, skaut rein og isbjørn. Frå slutten av 1890-talet og fram til 1941 hadde overvintringsfangsten si stordomstid. Nesten 400 personar dreiv fangst i desse åra.

I dag er det færre enn ei handfull att, med Tommy Sandal på Akseløya som den mest aktive. Rico Behlke og Karoline Bælum har overvintra i Farmhamna nokre år. Harald Soleim, som har 40 overvintringar, flest av alle, bur ikkje lenger på Kapp Wijk, men i ein hybel på Blåmyra.

Sysselmeistaren leigde tidlegare ut både fangststasjonen Mushamna og Austfjordnes til folk som lengta etter det frie liv og eit eventyr i den mektige Svalbard-naturen. Folk som ville lære å leve av og med naturen, lære seg handverket, føre tradisjonen vidare og kanskje etablere seg over tid. Frå 2009 vart Mushamna stengt, ettersom det ikkje lenger var grunnlag å drive næringsmessig overvintringsfangst der. Frå 2011 til 2014 var også Austfjordnes stengt då Sysselmannen skulle telle dyrebestanden. I den siste stortingsmeldinga om Svalbard frå 2016 står det at regjeringa vil legge til rette for at fangstmannsverksemd framleis skal vera ein av aktivitetane på Svalbard. Austfjordnes er nemnd som ein av dei levande stasjonane. Likevel har den vore stengd i lengre periodar.

Først for å «pusse den opp» tilbake til slik den såg ut i 1930-åra, så fordi Sysselmannen meinte det ikkje var gode nok søkjarar og no sist fordi det er mykje jobb med å leige ut stasjonen, og at dette ikkje er ein av dei oppgåvene Sysselmeisteren har fått beskjed om å prioritere. Dei er lessa ned av arbeid med miljøregelverk og å lage ein kulturminneplan for Svalbard.

Å sørge for at fangstmannstradsjonen får leve, og at det er mogeleg å drøyme om eit liv aleine i ei hytte i dei mørke vinterstormane må tilbake på prioriteringslista. Tommy Sandal vart fangstmann på heiltid og kjøpte sin eigen stasjon etter ein periode på Austfjordnes. Harald Soleim skulle berre vera på fangst i ein sesong, men heldt fram med å fangste så langt helsa heldt.

Det bør ikkje vera noko problem å la folk som kan ordne seg sjølve få prøve seg. Dei finst. Transport, proviantering og planlegging kan dei stå for sjølve. Tommy Sandal seier i vekas avis at Sysselmeisteren bør leige ut Austfjordnes for meir enn eitt år i slengen for å unngå eventyrarar som berre vil ha eit friår.

Å ha varme hytter og røynde auger og hender rundt om på øya bør vera ein stor fordel for stat og Sysselmeister. Å ligge på fangst er ikkje nokon økonomisk gullgruve. At det rå livet, tett på naturen framleis ligg i oss, i alle fall i nokon, må staten støtte opp under og ta vare på. Korleis, og at det skal prioriterast bør koma tydeleg fram av neste stortingsmelding.

Fangsthyttene må ikkje bli kulissar, daude museale bygg som turistar susar forbi.

God helg, nyt sola!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS