Hamna i Barentsburg treng jamleg vedlikehald for å sikre trygg innkomst for båtar.

Får auke seglingsdjupet

I desember i fjor gjekk tillatinga til Trust Arktikugol om vedlikehaldsmudring ut. No har dei søkt om å få halde fram – og fått grønt lys.

Publisert

Å mudre betyr å fjerne eller flytte massar frå botn av sjø og vassdrag. I utgangspunktet er det forboden, og alle som vil gjere det, treng tillating frå statsforvaltaren. Dette er fordi mudring, og dumping av desse massane, potensielt kan vere til skade for miljøet.

Formålet med mudring er å anten fjerne forureina sjøbotn – eller auke seglingsdjupet.

Begge formåla er grunngjevinga til at Trusten no har søkt til Miljødirektoratet om å få fornya tillatinga til å mudre i hamneområdet i Barentsburg. Dette er for å sikre trygg innkomst for skip til kaisida. I tillegg er det naudsynt å deponere muddermassane, oppgir dei i søknaden.

Den tidlegare tillatinga, som gjekk ut i fjor, gjaldt årleg vedlikehaldsmudring av inntil 1000m3 sjøbotn. Den nye søknaden gjeld same masse.

Søknaden, som blei innvilga, gjeld for ein periode på fem år, altså fram til 1. juni 2028.

Vedtaket blei gjort basert på ei rekke vilkår, mellom anna at mudringa til einkvar tid skal bli gjort på ein skånsom måte, for å begrense spreiinga av partiklar i sjøen. Det skal også rapporterast til Miljødirektoratet kvart år, med informasjon om utført arbeid.

I grunngjevinga for godkjent søknad, skriv Miljødirektoratet at deira vurdering er at verken naturmangfold eller kulturminne vil bli berørt av mudring i området. Dei minnar likevel om meldeplikt til Sysselmeisteren etter oppstart dersom ein oppdagar at arbeidet kan virke inn på automatiske freda kulturminne, og at arbeidet då blir stansa.

Powered by Labrador CMS