Fekk igjen importere varer frå Russland

Trust Arktiguol fekk i mars enda ein dispensasjon for å importere materiell til Barentsburg.

Trust Arktikugol oppgir at Barentsburg er avhengig av å få varer til gruvene levert frå Russland.
Publisert Sist oppdatert

6. mars i år søkte Trust Arktikugol til Utanriksdepartetmentet på ny om dispensasjon for å få tilsendt varer frå Russland til Barentsburg.

Dette fekk dei innvilga, og det blir difor andre gongen det har blitt innvilga vareleveranse frå Russland.

I fjor sommar fekk befolkninga i Barentsburg også løyve til å motta ein forsendelse varar. Dette trass i forbodet mot import av visse produkt frå Russland, som kom som ein reaksjon på krigføringa i Ukraina.

I saksdokumenta frå Utanriksdepartementet, står det at vareleveransen dei fekk innvilga, bestod av 41 type produkt spesialtilpassa gruva og varmekraftverket. Difor kunne dei ikkje bli erstatta med varer frå andre land.

Vareleveransen består mellom anna av gjestesenger, soveposar, dryppomnar, tredører, elektriske kablar og isolering. Vidare heiter det at dei aktuelle varene kun er til bruk for Trustens drift av gruva og varmekraftverket, samt sikring av innbyggjaranes grunnleggande behov.

Søknaden blei innvilga, og Trust Arktikugol fekk tillatelse til å importere produkta.

Like etter blei det søkt om forlenging av tillatelsen.

Grunngjevinga for søknaden om forlenging, var at 6 av dei 41 varene var forseinka frå norske transportørar, og difor ikkje hadde kome fram innan den gitte tidsfristen 20. mars.

Også denne søknaden blei innvilga.

Powered by Labrador CMS