LEIAR

Ein sommar i beredskap

Dagens verdsbilete gir stadig nye utfordringar og me må vere budd.

.
Publisert

Det brune vatnet som skvulpar langs stranda ved Gammelkaia pleier å bite på føtene. Gjere dei stivfrosne og verkande. Då eg kom tilbake til byen, saman med august, var det nesten deileg å legge på svøm. Badetemperaturen ved Longyearbyen camping var 9 grader.

Juli var rekordvarm. For første gong sidan målingane starta var gjennomsnittstemperaturen for månaden over 10 grader. Ikkje lenger polarklima.

Førre fredag hamra regnet ned, sildra nedover søkk i gatene. Regnet gjorde jorda tung og drog med seg massar ned i drikkevasskjelda i Steintippdalen. Longyearbyen lokalstyre styrte oss då over på vatn frå Isdammen som er vasskjelda på vinteren. Heller ikkje det var av drikkevasskvalitet, med for mange partiklar til at UV-lyset klarer å trenge igjennom og reinse så godt som det skal. Først dagen etter kom meldinga om at folk burde koke vatnet.

Klimaforskar Ketil Isaksen seier i denne avisa at det er rekordvarmt også i bakken. Permafrost tinar, det aktive laget blir ekstra tjukt. Om det skulle koma mykje regn i haust, er det auka fare for jord- og flaumskred.

Heldigvis er byen betre budd enn i 2016. Etter rekordregnet, skreda og evakueringane som kom då, har rutinar og sikringstiltak kome på plass. Longyearbyen fekk ein forsmak på kva naturkreftene kan stille opp med av krefter i ei varmare verd. Krefter som no stenger vegar, og druknar bustadområde i innlandet på fastlandet.

Framleis har me ein lang veg å gå for å sikre beredskapen. Det var berre ei rotbløyte som skulle til for å sette drikkevatnet ut av spel. I mange år har behovet for reservevatn blitt tatt opp. Framleis er det ikkje på plass. Dagens leidningar vaglar på provisoriske pallar og bjelkar mellom Isdammen og byen.

Ofte er det slik at det må ei alvorleg hending til før pengar blir lagt på bordet og det kjem endring. No jobbar både Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre med beredskapsplanar og risiko- og sårbarheitsanalyser.

I helga rykka politiet ut til Krossfjorden der ein isbjørn var skoten. Då dei samtidig fekk melding om promillekøyring i byen, hadde dei ikkje ressursar til å stille opp. I denne avisa skriv me også om ambulanseflyberedskapen, ei sak Svalbardposten har tatt opp år etter år. Beredskapen med propellfly, som har avgrensa fart og lastekapasitet, er for sårbar.

Samstundes har den russiske Nordflåten varsla missiløvingar både nord og sør for Bjørnøya. Redningsberedskapen blir svekka i tidsrommet då øvingane skal halde på. Utanriksdepartementet har brukt fleire dagar på å svare ut varselet frå Russland. Skal russarane fritt få halde på med våpenøvingar i havområda kring Svalbard?

Les svaret frå departementa her.

Dagens verdsbilete gir stadig nye utfordringar og me må vere budd.

God helg!

Powered by Labrador CMS