Kvifor vil ikkje folk bli?

Publisert

Me har den mektigaste og vakraste naturen ein kan tenke seg. I alle fall dei av oss som ikkje blir skremt av vind og kulde. Me har eit kulturprogram så stramt at det er umogeleg å få med seg alt av festivalar, konsertar, standup, skimaraton, solkafè, hundeløp, turneringar, lanseringar og føredrag. Det burde vera oppskrifta på det gode liv. Kvifor er då utskiftinga i Longyearbyen så stor?

Svalbardposten skriv denne veka at hjå Sysselmeisteren blir folk i stillingane i snitt 1,4 år. Til samanlikning er gjennomsnittleg butid i Longyearbyen 6,9 år. Sysselmeisteren får stadig fleire tilsette, og har vel byens beste vilkår med bustad, bil og tenestehytter. Men gjennomsnittleg tida folk er tilsett, har gått ned. Det er som om nordavinden bles tvers gjennom kontoret.

Etaten er ein av byens store arbeidsgivarar, statens øvste representant på Svalbard. Dei skal handheve lover og reglar, og er ansvarlege for å redde folk i naud når den vakre naturen blir nådelaus. Dei skal halde på historikken, lage langsiktige planar og ha kunnskap om kva som skal skje når kriser råkar.

Sysselmeisteren har lenge jobba med å få ned gjennomtrekken i organisasjonen. Dei er ein av få som framleis har åremål. I 2004/2005 vart ordninga diskutert. Justisdepartementet vurderte å la nokre stillingar bli faste, men konkluderte med at det ville vera uheldig med to sett med personalpolitikk. Argumenta for åremål var å sikre best mogeleg rekrutteringsgrunnlag, og at Svalbard framleis var så spesielt at det var lurt med ei viss utskifting. Åremåla vart utvida frå fem til maks seks år.

I 2020 sendte dåverande sysselmann Kjerstin Askholt eit notat til Justisdepartementet der ho føreslo endringar i permisjonsreglane på fastlandet, at statstilsette skulle få rett til permisjon for å jobbe i åremålsstilling hjå Sysselmeisteren. No har det kome inn ein ny ordlyd i statens personalhandbok der statlege verksemder blir oppfordra til å vera positive til søknadar om permisjon frå dei som blir tilsett i åremålsstillingar hjå Sysselmeisteren, samt deira ektefelle.

Det ser ikkje ut til å ha hjelpt. Sysselmeister Lars Fause seier i denne avisa at han ikkje veit kva som hadde skjedd dersom åremålsstillinga hadde vorte avvikla. Det er stor grunn til å tru at gjennomsnittleg butid ville gå opp, den kjem i alle fall ikkje stort lenger ned. Då kan staten like godt ha folka sine på departementskontora i Oslo og spare store pengar.

Det er ikkje berre Sysselmeistaren som merkar gjennomtrekken. Svalbard Næringsforeining skal i sitt neste frukostmøte i mai ha bli-lyst som tema. Dei ønsker å snu trenden av omsyn til miljø og livskvalitet. Kva kan få folk til å bli?

For nokon er det å ha ein ordentleg heim, i alle fall ein skikkeleg leigeavtale. For andre er det kanskje ei kjensle av å høyre til, av å få tryggleik i ei uroleg tid etter pandemi i ei kald verd. På få år er det blitt klart at Gruvedrifta skal leggast ned, det har kome regelendringar for demokrati og skule, og forslag til endringar for tryggleik i felt som vil ta frå fastbuande retten til å ferdast fritt den dagen fastlandsadressa blir permanent. Longyearbyen skal ikkje vera noko livslaupssamfunn, men det kan vera ein heim for ein stor del av livet. Folk må få lov til å føle at dei høyrer til.

God helg,

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS