Bustadknipa

Det er trangt om plassen i Longyearbyen.
Publisert Sist oppdatert

Ein heim mellom fjella. Ei varm, lita verd med utsikt mot Hiorth­fjellet og snøfokket ute. Ein stad å kvile, kjekle og le, høyre til. For mange kan denne heimen vera vanskeleg å finna her i Longyearbyen.

Bustadmarknaden i Longyearbyen har alltid vore heilt spesiell. Tilsette i offentleg og statleg sektor har subsidiert eller gratis bustad. Dei er så godt som garanterte å få ein stad å bu, om enn litt trekkfullt og kanskje ein smule gamalmodig, kanskje med ei grel, skarp led-lyslampe utan dimming.

Den private bustadmarknaden er beintøff. I 2012 sa dåverande leiar for Svalbard Næringsforening Berit Fossland at det var eit enormt press på bustadmassen. Bustadane var så dyre at det ikkje var mogeleg for næringslivet i Longyearbyen å konkurrere med vilkåra tilsette kunne få på fastlandet. Selskap her nord hadde fått eit rekrutteringsproblem.

Situasjonen har ikkje blitt betre. Nokre bustader er reist, andre er tatt av skred eller rivne fordi dei sto for utsett til. Nokre er fråfytta fordi dei sto i fare for å rase saman.

I 2019 viste ei kartlegging frå Longyearbyen lokalstyre at 60 prosent av byens bustader var i offentleg eige. 20 prosent var eigd av privat bedrifter, resten var tilgjengelege på den opne, private marknaden. Sidan då har bygg kome til og skifta hender. Mellom anna har Store Norske kjøpt Hurtigrutens leilegheiter og 76 hyblar frå Longbo.

Samstundes seier Svalbardbudsjettet for 2023 at det er eit mål at det ikkje skal skje ein samla vekst i bustadmassen i Longyearbyen. Bustadpolitikken skal bidra til å halde oppe Longyearbyen som eit norsk lokalsamfunn. Det skal den gjere gjennom ei heilskapleg og effektiv forvaltning som sikrar bustader til offentleg tilsette og statleg kontroll med bustadmassen. Offentleg eigde bustader kan ellers leigast ut til private arbeidsgivarar som medverkar til at dei svalbardpolitiske måla blir nådde.

Blir det slik at den statlege bustadutleigaren Store Norske skal bestemme kva for private bedrifter som skal få halde fram og kven som må kaste inn handkledet?

I denne avisa kan de lese at regjeringa no har starta arbeidet med ei ny Svalbardmelding. Mykje har skjedd raskt dei siste åra. Den tryggleikspolitiske situasjonen saman med klimaendringar gjer at dei må teikne kartet på nytt.

Folk og næring i Longyearbyen har mange spørsmål. Alle svara vil me truleg ikkje få denne gongen heller. Men talet på og fordelinga av bustader er eit av kjernespørsmåla for byen i framtida.

Christian Skottun som i dag er leiar i næringsforeininga seier det er viktig for bedriftene å få ei ordentleg avklaring på kva rammevilkår dei vil ha i framtida.

– Vi har sett en kraftig vekst i offentlig ansatte på øya. Hvis vi ikke skal vokse, så sier det seg selv at noen andre til syvende og sist må ut. Om det er meningen, må vi få vite det, seier han.

Kanskje får me svar i 2024.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS