REDAKTØREN MEINER:

May I have a burger, please?

Det er viktig at ikkje berre private initiativ, men også styresmaktene, tek norskopplæring og integrering på alvor.

Det må ei statleg finansieringsordning til, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Publisert Sist oppdatert

Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I 2009 snakka me norsk i kafear og restaurantar. Det har endra seg, i dette samfunnet som styresmaktene i Oslo no understrekar skal vera eit norsk familiesamfunn. No snakkar eg automatisk engelsk, og blir flau om eg får svar på norsk. Delen ikkje-norske har auka, men det er ikkje heile forklaringa. Norskopplæringa for vaksne må sikrast.

Ord for ord, avbrotne av latterkuler og tepausar, lærte i overkant av 60 vaksne elevar norsk ved Longyearbyen skule veka før påske i 2009. Norskkursa var gratis.

– Det første året eg kom til Svalbard, ville eg ikkje gå ut. Eg var redd for at folk skulle spørje meg om noko. Eg forstod ingenting, eg berre smilte. «Kva heiter du?» Eg berre smilte. «Kvar jobbar du?» Eg berre smilte. Eg blei så sint på meg sjølv fordi eg ikkje kunne forstå språket, fortalde thailandske Pikul Olnils til Svalbardposten.

Ho jobba på Polarhotellet og meinte det var viktig at utlendingar som kom til Svalbard, lærer norsk, slik at dei kan integrere seg i samfunnet.

Arbeidsgivarane oppmuntra dei til å ta norskkurs. Dei måtte snakke norsk på jobb.

Då Svalbardposten besøkte klassen, var det varsla at staten truleg ville slutte å ta det økonomiske ansvaret for norskopplæringa. Årsaka var at dei avvikla ei nasjonal ordning som også gjaldt her. Ulike lokale finansieringsordningar vart vurderte.

I 2012 byrja LL å ta gebyr av vaksne for norskopplæringa. Våren 2017 heldt dei det siste norskkurset i offentleg regi. Grunngjevinga var at AOF ville tilby norskkurs, og LL ville ikkje konkurrere med dei. I tillegg var det mykje arbeid for skulen å administrere norskopplæringa.

Tilbodet frå AOF høyrdest fint ut: Bedrifter kunne søkje støtte til kurs for sine tilsette gratis, dei måtte berre stille med lokale. Utfordringa var at få firma følgde opp, og dei som ikkje jobba for ein arbeidsgivar som ville gi kurs, fekk ikkje noko anna tilbod enn digitalt.

Det tok ikkje lang tid før AOF-kursa vart avvikla. Andre kurs har vore innom byen, for så å forsvinne med initiativtakarane. Frustrasjonen hjå ikkje-norske svalbardianarar har tidvis vore stor.

No vil Caritas fylle tomrommet og starte norskopplæring i Longyearbyen. Det er eit veldig viktig tilbod. Men eg fryktar at heller ikkje det blir like godt forankra i samfunnet som opplæringa via Longyearbyen skule var. At heller ikkje det er kome for å bli.

Det er viktig at ikkje berre private initiativ, men også styresmaktene, tek norskopplæring og integrering på alvor. Styresmaktene i Oslo har som mål at Longyearbyen skal vere eit norsk familiesamfunn. Då må dei også leggje ressursar i å lære ikkje-norske innbyggjarar språket og om samfunnet. Det må ei statleg finansieringsordning til, kurs tilpassa både dei som jobbar dag og dei som jobbar kveld, og arbeidsgivarar må leggje til rette for at tilsette får lære språket.

Eg skal også bidra så godt eg kan, og neste gong eg er på restaurant skal eg seie:

– Eg vil gjerne kjøpe ein hamburger.

Og heller spørre høfleg på engelsk om det ikkje blir forstått. Det skal ikkje være flautt å prøve.

Powered by Labrador CMS