LEIAR I LINE NAGELL YLVISÅKER

Cruisar mot nok ein rekord

Publisert Sist oppdatert

Corona skulle vera ein puste- og tenkepause. Ei tid for å kjenne på kva me ville med reiselivet, korleis me skulle organisere det. Kor mange turistar skal me stappe inn i vår vesle Longyearby på ein gong? Denne veka kan Svalbardposten fortelje at reiselivsnæringa varslar ny rekord i talet på cruisepassasjerar. 75.000 båtturistar er venta i løpet av den komande sesongen. Førre rekord frå 2018 var 57.700 cruiseturistar.

Miljøvernstyresmaktene jobbar med forskrifter for ilandstigning i verneområda, makstal på ekspedisjonscruiseskip og krav til sertifiserte guidar. Kanskje vil det vera med å bremse veksten av folk over kai i Longyearbyen, men det er ikkje nok.

Under coronapandemien, sa både cruisekoordinatoren i Visit Svalbard og hamnesjefen i Longyearbyen at dei store, konvensjonelle cruisebåtane kanskje ikkje ville koma tilbake. Grunnen var regjeringas varsla forbod mot tungolje, eit forbod som vart innført i fjor.

Tal for den komande cruisesesongen viser at båtane har omstilt seg og kjem likevel. 50.000 av dei 75.000 passasjerane som er venta til Longyearbyen kjem, ifølgje oversikta Svalbardposten har fått, med konvensjonelle cruiseskip. Visit Svalbard har oppretta Svalbard Cruise Forum for å koordinere framtidas cruisetrafikk til Longyearbyen. Reiselivets strategi seier at Longyaerbyen skal prioritere skipa som har høgst lokal verdiskaping og minst fotavtrykk. Korleis skal dei kunne gjere det om det ikkje er mogeleg å sette tak på talet cruiseskip som kjem til Longyearbyen?

Kor langt må mottaksplikta strekkast? I havne- og farvannslova står det at offentlege hamner har mottaksplikt for skip, men det står òg at det kan fastsettast avgrensingar av omsyn til mellom anna miljø.

Lokalstyreleiar Arild Olsen (Ap) meiner Longyearbyen må sette ein fot i bakken, men viser samstundes til at Longyearbyen hamn har mottaksplikt, og at den med dagens lovverk ikkje kan nekte skip anløp. Kor langt må mottaksplikta strekkast? I havne- og farvannslova står det at offentlege hamner har mottaksplikt for skip, men det står òg at det kan fastsettast avgrensingar av omsyn til blant anna miljø.

Få stader er det vel grunn til å regulere med omsyn til miljø som på Svalbard, noko styresmaktene grunngjev andre forslag til miljøregelverk med. Om viljen er til stades hjå både lokale og sentrale styresmakter er det fullt mogeleg å få til ordningar også for å regulere kor mange båtar som får gå til Longyearbyen.

Longyearbyen havn har bygd ein lekter for å hjelpe cruiseskip som ikkje får plass ved kai. Det har ikkje gjort det mindre attraktivt å legge seg for anker på Adventfjorden. Konseptet vart utarbeidd i samarbeid med reiarlaget Ponant og skipet deira «Le Comandant Charlot». Ponant sel mellom anna turar med isbryting mot den geografiske Nordpolen. Det smakar ikkje spesielt godt.

Førre fredag skreiv istjenesten til Meteorologisk Institutt at dei denne dagen hadde målt det lågaste sjøisdekket i Svalbard-området for denne dagen på året sidan målingane starta i 1967.i

Med håp om vatn frys og ei god helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS