Ein gjeng med «slaurkukar»
Få vekk søpla i gater og grøfter, få den skuteren opp på pall på ein eigna stad, vis at det får konsekvensar om du skrotar til eit område. Og ver så snill å få fjerna den doen i gata.

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.
Det ligg ein do utanfor leilegheita vis-a-vis leikeplassen i Vei 236. Den har stått der sidan i fjor. Eit kvitt klosett, som vinteren har delt opp i mange små bitar. Det er ganske ekkelt eigentleg. Ein skiten do ved leikeplassen.
Den har irritert meg lenge. Leilegheita den høyrer til er eigd av ein av dei store bustadeigarane i byen. Dei starta eit oppussingsprosjekt som brått stoppa opp.
Eg kunne ha teke doen på ein hengar og køyrt han til fyllinga sjølv. Eller funne ut kven som er ansvarleg for leilegheita og avfallet. Men eg tykkjer også det er fascinerande å sjå at han framleis ligg der. At ingen gjer noko. Kor lang tid skal det ta, liksom? Og er det ingen som treng den leilegheita?
I Sjøområdet ser det framleis ut som ein bilkyrkjegard ved tomta til Sogn Eiendom. Gjentatte gonger har Svalbardposten skrive at det ikkje er lov å bruke areala slik. Sakshandsamarar har dytta saka framfor seg mot nye arealplanar og delplanar.
Ved grillplassen i fjæra ser det ikkje stort betre ut.
I 2021 løyvde Longyearbyen lokalstyre 700.000 kroner for å ruste opp området som mange brukar til samlingar og grillkveldar. Det gjekk kjempefort. For fort. Nokre betongkonstruksjonar skulle fungere som grill og benkar. No har betongen i grilldelen gått i oppløysing. Bitar frå den ligg velta saman med stein, spiker og forkola kubbar med spiker strødd rundt. Det er ikkje lenger noko å grille på.
Ein gamal tønnegrill står inntil scene-bygget like ved. Den har rusta heilt opp og kan ikkje halde på kolet.
Kvart år ber Longyearbyen lokalstyre oss om å sette snøskuterane fint på pallar – på bestemte plassar. Få gjer det. «Det er ingen som gjer noko med det uansett», fekk eg høyre frå nokon som parkerte på urørt frodig tundra.
Torsdag, dagen etter at Svalbardposten gjekk i trykken, var det ryddedugnad i byen. To dagar før var Lene Jeanette Dyngeland i Aktiv i friluft fortvila. Det var berre eitt ryddelag påmeldt. Tidlegare har det gått manngard frå Svalbardhallen og gjennom sentrum for å fjerne så mykje søppel som mogeleg.
Me må ta oss i nakkeskinnet både privatpersonar og bedrifter. Me er ein gjeng med «slaurkukar» (sognauttrykk for udugelege lathansar) alle saman.
Få vekk søpla i gater og grøfter, få den skuteren opp på pall på ein eigna stad, vis at det får konsekvensar om du skrotar til eit område.
Og ver så snill å få fjerna den doen i gata.
God helg!