Ein mørk by

Folk i Longyearbyen er vande med at byen går i svart.
Publisert Sist oppdatert

Mandag kveld stoppa den elektriske duringa og Longyearbyen vart svart. Hjartet måtte gjenopplivast. Igjen.

Me er vande med straumstansar i Longyearbyen. Lykter og fyrstikker ligg klare i mørketida. Ei god stund er det fint å nyte den ekstra klåre stjernehimmelen, om då ikkje skyer skuggar for utsikta.

Når kolkraftverket har hosta og krangla og stoppa, har dieselmaskinene teke over. Dei har sørga for at fjernvarmen blir pumpa gjennom røyra og hindra bygg og folk frå å fryse ned.

Ikkje lenge før straumen gjekk mandag, kom rapporten til Longyearbyen lokalstyre om framtidas energi. Det er oppløftande lesing at me kan få eit heilt fornybart energisystem, at arbeidet er i gang, sjølv om det er langt fram til målet. Sol, vind, motorar som kan bruke fornybar energi, varme frå klodens indre, ein termos som lagrar varme i fjellet.

Det er berre å krysse fingrane for at styresmaktene i Oslo denne gongen kjem med ei gladmelding. For skal me få til dette, treng me pengar.

Me lever i urolege tider. No er det viktigare enn på lenge å halde Longyearbyen varm.

– At Longyearbyen kan bli verdens første arktiske sted som benytter 100 prosent fornybar energi synes jeg er fascinerende, sa næringsminister Jan Christian Vestre for eitt år sidan.

Det som er langt frå oppløftande er det planen seier om forsyningstryggleik. I dag har me kolkraftverket som hovudkraftverk. Om noko skulle skje med det, eller kolforsyninga, kan byen gå over på diesel. Frå hausten skal reservekraftanlegget bli hovudkraftanlegg. I planen står det at me ikkje bør ha denne løysinga meir enn maksimalt ti år: «...for å kunne beholde reservekraftanleggene som reservekraftanlegg».

Men kva om dieselanlegget stoppar før desse åra har gått, før me kan støtte oss til vind og sol?

Sektorsjef Anne Vera Skrivarhaug seier til Svalbardposten at dieselkraftverket er fordelt på to bygg, med til saman seks motorar. Desse skal vera særs driftssikre, og sjansen for at alle blir sett ut av spel samstundes er liten.

Men kva om dieselen blir forureina eller av andre grunnar ikkje kan brukast? Kva om styringssystemet blir sett ut av drift?

Pumper for fjernvarme og vassforsyning er avhengige av straum. Den splitter nye energiplanen anbefaler at Longyearbyen får fleire mindre aggregat som kan sikre forsyning av fjernvarme og vatn ved bortfall av straum. Den foreslår også at energisystemet skal bli del av kraftforsyningens beredskapsorganisasjon. Då vil det bli krav til planlegging, risikoanalysar, internkontroll, øvingar, beredskap, beredskapslager, bemanning, driftskontroll system og skjerming av informasjon.

Eg meiner alle desse tiltaka bør prioriterast og vera på plass før me går over til diesel. Me lever i urolege tider. No er det viktigare enn på lenge å halde Longyearbyen varm.

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS