LESERINNLEGG: 

Energi i tåkedis

Reinhard Mook har sendt oss dette leserinnlegget.
Publisert Sist oppdatert

Å velje bort kull som kjelde for energi på Svalbard var politisk-idealistisk styrt. Vinsten i mindre utslepp av karbondioksid blir vel mindre enn 25 prosent.

Diesel-teknologien er kjent og prøvd. Men omstillinga frå kull inneber ein risiko. Nokre årsaker til tenkjelege vanskar er kjente og kan førebyggjast. Andre er anonyme i den meining å vere ukjente, men som ein ut frå røynsler med eit visst summarisk sannsyn må rekna med. Dei konkrete risikovurderingar, vel også knytt opp til dato for omlegginga, kjenner utanforståande ikkje til. Men å takke «nei» til Svea sitt dieselanlegg som reserve for Longyearbyen tyder på hybris.

Diesel-følgjer

Diesel-løysinga er funne ulovleg, eit halvt år etter å ha vore i drift. Opplegget vurdert som ledd i ein søknad, kunne kan hende synt talet på timar per månad og konsentrasjon av helse-truande diesel-eksos byens borgarar lyt rekna med.

Diesel-opplegget er meint mellombels innafor eit visst tidsspenn. Fotoceller, vind og bergvarme skal overta. Enno er det ingen som veit om ising og / eller turbulens tillèt å hauste vindenergi på Breinosa.

«Grøn» energi treng å stabiliserast ved diesel om ikkje kull, eller bergvarme som vi ennå veit lite om. Eit stabiliserande batteri vil krevje stort med råstoff. Å kunne kutte ut diesel som hovudkjelde for energi kan liggje lengre ute i tid enn «mellombels» gjev inntrykk av.

Motseiande

Planen å spare varme ved hurtig å bygge om byen høyrast klokt ut. For å få det til trengst arbeidsfolk. Men staten ved sysselmeistaren – av frykt for misbruk - haler ut energi-effektiviseringa ved å avslå å bygge tak over hovudet til dei som skal gjere jobben.

«Grøn energi» har fått politisk vind i seilene fordi karbondioksid er kjent som klimavirksom gass, på linje med vassdamp. Men kan hende andre prosessar på planeten i samspill med sola er tyngre årsak til klima-oppvarminga enn den på same tid aukande konsentrasjonen av drivhus-gassar?

Powered by Labrador CMS