LEIAR

Skjebneåret 2024

Redaktør Line Nagell Ylvisåkers tankar inn i det nye året.
Publisert

I år skal det skje. Mykje av det me har venta på, det me har bestemt oss for å bli betre på, gjere meir av, eller mindre. Eit splitter nytt år med alle mogelegheiter – og store avgjerder som kanskje vil sette strammare rammer.

Størst spenning er det knytt til den nye Svalbardmeldinga. Den er venta å koma første halvår, og vil vise kva retning politikarane har tenkt ut for oss her under polarstjerna. Allereie i fjor vår var lokalpolitikarar og -næringsliv ute. I mars inviterte dei beslutningstakarar til Svalbard-dag i Oslo for å bli høyrt. 

– Vi opplever at vi gjerne kommer for seint inn i alle prosesser. Nå ønsker vi å være i forkant, sa reiselivssjef Ronny Brunvoll då.

No står det att å sjå kor mykje av innspela frå Longyearbyen dei som set saman meldinga har tatt omsyn til. Korleis dei vurderer den tryggleikspolitiske situasjonen, korleis Longyearbyen skal vera ein god plass å bu utan vekst. Kva grep dei vil gjera for at Longyearbyen skal vera ein attraktiv plass å bu for nordmenn i åra som kjem.

Korleis me skal bygge eit godt samfunn når det blir vanskelegare å vera ikkje-norsk, eller om ein har utfordringar på skulen. 

2024 er også eit år som er fylt av avgjerder frå i fjor. Då gjekk Longyearbyen over på diesel. Drifta er langt dyrare enn politikarane hadde sett føre seg. Ei kjemperekning som byen må ta. Like før jul avgjorde lokalstyret at saka skal sendast til kontrollutvalet. Dei vedtok også å verne privatpersonar og små verksemder. I staden legg dei energi-rekninga over på dei fire største aktørane: Store Norskes Gruve 7, Svalsat, Unis og Avinor. Alle desse har band til staten. Vil det hjelpe?

Nyvald lokalstyreleiar Terje Aunevik vil jobbe vidare for å få straumstøtte inn i budsjettet for neste år. 

– Men vi kan ikke vedta budsjettene basert på tro, vi må vedta budsjett som går i balanse uten strømstøtte, sa Aunevik under møtet der budsjettet vart bestemt.

2024 blir eit år der det er viktig å halde hovudet kaldt og hjartet varmt

Han sa også at me har ein kald, og ein varm og blodig krig midt i Europa. Det påverkar heile tryggleikspolitikken og slår inn i budsjettet. 

Alt blir dyrare, skilja mellom folk - større. Midt i dette valde politikarane å prioritere bu- levevilkår, barn og unge. Det håpar eg dei kan halde fram med i åra som kjem. Det er viktig for Longyearbyen, som då førre stortingsmelding kom, vart redusert frå robust til livskraftig. Me bør ikkje lenger ned enn det. 

Og over dette blåser ein papirstorm frå Barentsburg. Eit Russland som testar og pushar. Eit godt naboskap som for mange er tapt.

Medan me fryktar høgare straumrekningar, at alpinbakken blir for dyr til å drivast, at det blir dyrt å fly på helgetur til Oslo, er det tidlegare naboar av oss som har mista det viktigaste dei hadde. Fridomen, og nokre også familiemedlemmer som ga tapt for bombene.

2024 blir eit år der det er viktig å halde hovudet kaldt og hjartet varmt medan polar­stjerna lyser. Framtida finst – også her lengst nord. 

Godt nytt år!

Powered by Labrador CMS