LEIAR

Den store, raude knappen

Redaktør Line Nagell Ylvisåker
Publisert Sist oppdatert

I oktober trykka tilsette ved kolkraftverket i Longyearbyen på den raude knappen som fekk dei raudglødande omnane til å slokke for godt. I mars dundra Natos største transportfly inn over Svalbard lufthamn på sivilt oppdrag i bitande, gnistrande kulde. Ut av buken på flyet kom det generatorar som skal sikre at Longyearbyen ikkje frys ned.

Korleis i alle dagar hamna me der at sysselmeisteren må trykke på den store, raude knappen og be Forsvaret om hjelp? 

Fleire gonger har Svalbardposten spurt kva som er reserve-planen når diesel-anlegga som var reservekraft blir hovedkraftverk. Me har blitt roa med at det finst ein plan. Kolkraftverket skulle også i nød vera mogeleg å starte opp som ei naudløysing fram til sommaren. Det viser seg at det berre kan gå eit par dagar. Det er ikkje ein god nok reserve. 

Longyearbyen fekk tidleg tilbod om å ta over hovedanlegget frå Svea. Gruve­samfunnet gjekk på diesel - og hadde spisskompetanse på drifta. Longyearbyen takka nei. No er dei gule motorane skrapjern, saman med dieseltankar byen også kunne trengt. I staden har Forsvarets folk kobla til generatorar som før har vore i Afghanistan og Irak.

Det har vore sladda dokument, hemmeleghald, motorar som har havarert - eller eksplodert. Og tillit som er slitt. Gruve 7, som fekk skyhøge straumgebyr som ein av fire - noko Justisdepartementet no har konkludert at er ulovleg - har levert straum til Longyearbyen for at det skulle bli nok.

Kolkraftverket skulle bli avvikla til fordel for ei sikrare og meir klimavenleg energiløysing. Diesel skulle nyttast som hovedlast i ein mellomfase, fram til stadig fleire fornybare kjelder vart kopla inn. 

– At Longyearbyen kan bli verdens første arktiske sted som benytter 100 prosent fornybar energi synes jeg er fasinerende, sa næringsminister Jan Christian Vestre i januar 2022.

Førebels ligg grøne løysingar under eit gulbrunt lok av smog. Mangelfull informasjon ut til innbyggjarane gir grobunn for konspirasjonar, ikkje konstruktiv omstilling. 

Eit 2. utkast av den nye Svalbardmeldinga blir sendt rundt i departementa. Svalbardposten har ikkje fått innsyn i kva den inneheld. Det er sagt at me skal få svar til våren, no er det vår. 

Dagens lokalpolitikarar ønsker at staten tek over produksjon av mellom anna energi og fjernvarme. Då Nato-flyet med reservekraft taksa inn på Svalbard lufthamn, var det nesten så ein kunne tru at energiknipa var ein planlagt strategi for å få til nettopp det. 

Det var ikkje ein stolt augneblink, heller skremmande, sjølv om det er godt å sjå at det finst system som fungerer. 

Til veka kjem etter planen justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl til Longyearabyen. Forhåpentleg har ho både forståing, planar og pengar med. Ho bør vera flau ho òg.

Powered by Labrador CMS