LEIAR - LINE NAGELL YLVISÅKER

Hemmeleg energi

Publisert

Svalbardposten-redaksjonen var spente då dokumentet var klart i mars. Dokumentet me trudde skulle gjere oss klokare på energi og tryggleik knytt til forsyning. For me hadde mange spørsmål, slik som mange av lesarane våre. Kva vil det koste forbrukarane å gå over til diesel? Er dieselsystema trygge nok til at me kan lite berre på dei?

Då rapporten kom, var 27 av 56 sider sladda. Det som ikkje var sladda, ga ikkje nok informasjon til å gi svar på spørsmåla. At politikarane, som fekk lese heile, heller ikkje vart så mykje klokare og måtte bestille ein ny rapport frå Svalbard Energi, er ei anna sak.

Av sidene som var unntatt i dokumentet, var heile kapittelet: «Vurdering av effektsikkerhet, driftssikkerhet og leveringspålitelighet». I tillegg til delar om pris.

Rapporten var unntatt etter offentleglova paragraf 21 og 23: Unntak av omsyn til nasjonale forsvars- og tryggingsinteresser og Unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon med meir. Ifølge sektorsjef Anne Vera Skrivarhaug var det snakk om «kraftsensitiv informasjon».

Svalbardposten klaga på avgjerda. I denne avisa skriv me at Sysselmeisteren gav oss medhald i at rapporten er sladda langt utover det Longyearbyen lokalstyre hadde rettsgrunnlag til.

Nokre av opplysningane kunne haldast tilbake etter paragraf 21, ettersom det er snakk om manglar som kan føre til skadeverknader dersom dei blir offentleg kjende. Sysselmeisteren vurderer likevel at ein stor del av dei sladda opplysningane ikkje direkte omtalar sårbarheit i forsyningstryggleik. «Opplysininger om at en ROS-analyse er mangelfull, eller at man ikke i tilstrekkelig grad har benyttet metodikk for slike analyser, er ikke i seg selv grunnlag for å unnta dokumenter fra offentlighet», skriv dei.

Vidare slår etaten fast at det ikkje er grunnlag for å halde unna informasjon etter paragraf 23. Longyearbyen lokalstyre må gå gjennom dokumentet på nytt.

At store deler av rapporten er sladda, er ikkje med på å skape meir tillit til Longyearbyen lokalstyre og energiomstillinga.

Framleis ligg det eit tjukt tåkeslør over energiomstillinga. Den nye, konstituerte leiaren i Svalbard Energi har etter alt å døme nok å ta tak i. Då politikarane i mars ikkje fekk svara dei hadde håpa på, bad dei som nemnt Svalbard Energi om å legge fram ein heilskapleg plan. Den skal vise korleis selskapet kan gjennomføre overgangen til diesel som ei mellomløysing fram til fornybar energi er på plass. Overgangen skal etter planen skje til hausten.

20. juni har lokalstyret sitt siste møte for sommarferien. Etter det er det plutseleg haust.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS