LESERINNLEGG:

Energipolitisk synsville

Innsendaren meiner Longyearbyen bør gå tilbake til kol - enn så lenge.
Publisert

Fantasi trengst for å få auga opp for tenkjelege, nye vegar. Men før ein legg i veg, vil ein granske noggrant, ikkje lita på lause rykte. Uventa skjær på ferda, planen om å slå på revers burde ha vore klar: Attende frå diesel til kol momentant.

Men kursen er halden fram, med vedtak ein veit ikkje ber. Gjelda berre veks. Skal Longyearbyen ikkje gå over ende, er staten tvinga til å yte «straumstøtte», på kostnad av anna.

Pinleg å havarere på grunn av ein illusjon. Men tek det seg ut å vere stolt av å få ein annan til å betale når krisa er heimelaga? Å innbille seg at staten vil dekke diesel for kol i ein ti år framover kan vere enda ein illusjon. 

Difor: Enn så lenge, jo før jo heller, attende til kol!

Powered by Labrador CMS