LESERINNLEGG:

Flyklagenemnda på feil spor?

Det første ruteflyet siden 2008 fra Norwegian landet ved Svalbard lufthavn Longyear fredag 1. mars 2013.
Publisert

Den 30. desember 2023 publiserte Svalbardposten ei avgjerd i flyklagenemnda: For vel eitt år sia hadde ei femtitals passasjerar, allereie gått om bord eit Norwegian-fly i Tromsø med Svalbard som mål, måtte gå av att maskinen. Ein av passasjerane klaga inn kompensasjon etter EU-reglar i tilfelle nekta å stige om bord. Vedkomande har fått medhald i flyklagenemnda. Dette trass i at vêrtilhøva har vore grunnen til å måtte stå att i Tromsø.

Siste vêr- og banerapport for Svalbard lufthamn før oppstart frå Tromsø fortalde om retnings- og bremsekontroll ikkje gode nok i høve til landingsvekta med alle innsjekka reisande om bord.

Krava til flytryggleik og vêr er objektive. Like mykje gjeld at hinder ved vêret, ingen rår med det, ikkje gjev rett til erstatning. Difor er flyklagenemnda si avgjerd referert i Svalbardposten vanskeleg å forstå. Avgjerda kunne i sin konsekvens innebere økonomisk press mot flyselskapet å nærme seg akkord med vêret.

Powered by Labrador CMS