Leserinnlegg:

Berre eit virus

Eit virus tvinger heile verda til å leggje om kvardagen sin. Kan hende måten å leve på for godt.

Reinhard Mook skriver om situasjonen med koronavirus i Longyearbyen.
Publisert

Alle sivilisasjonar har alltid vore utsette for farar frå naturen. Kløkt har skipa avgrensa rom kor mennesket på vilkår og risiko evner å styre. Reiskapane er teknologi medrekna medisin. Venteleg levealder er målestokken for å lukkast. Covid-19 har dukka opp sterkt pregande, skremmande utfor det kontrollerte rommet.

Viruset trugar kvar einskilt og alle samfunn. Nauda appellerer til det «menneskelege»: Omsut for kvarandre og solidaritet, vere meir audmjuke og mindre sjølvopptekne. Vere vesentlege for kvarandre er oppmodinga i alle religionar. Eit godt teikn er det om hamstrarar ikkje er velkomne.

Viruset gjev grunn til å sjå kritisk på ein økonomi tofta på støtt å vekse på ei avgrensa jord. Men òg: Viruset syner mange timars arbeidsreiser med klima-avtrykk kan sparast ved elektronisk kommunikasjon.

Turisme er ein form for forbruk. Det kviler på overskot etter erverv frå andre kjelder, i dag avhengig av global økonomi. Turismen, for Longyearbyen vesentleg bein å stå på, vert råka ikkje berre av mellombels tiltak mot smitte. Etter alt å døme kjem langvarande skygge. Færre vil heretter sjå seg råd til å vere turist i Arktis. Det letter presset på naturen, men sagar av greina mykje av næringslivet sit på. Nye skot, kan hende annleis greiner, treng tid å vekse fram.

Longyearbyen som reisemål har akselerert til glovarme. Flittige hender, folk frå mange land, har vore blant føresetnadar. Nå frys og storknar turismen, brått. Ikkje alltid sit desse framifrå og uunnverlege arbeidarar på avtaler som hindrar nær fritt fall: Ingen inntekt, slutt på medlemskap i folketrygda.

Regelverket har neppe vore utforma for virus sine totalitære ringverknadar på den særeigne staden Longyearbyen. Det skulle vere samfunnets skuld og plikt å syte for ei mjuk landing òg for dei som er lite verna ved avtaler og reglar.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS