LEIAR - AMBULANSEFLY:

For stor risiko

Redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Publisert Sist oppdatert

Januar har vore prega av vêr. Kulde som gir kvit mascara på vippene og frosne rør til Nybyen, Huset og kyrkja. Storm og regn i Tromsø har ført til kansellerte fly og kommentarer som «Heilt normalt mannskit-vêr». 

Problemet er at ambulanseflyberedskapen til Longyearbyen ikkje er dimensjonert for vér. Gong på gong har Svalbardposten skrive om kor viktig det er å få på plass døgnbemanna ambulanse­jetfly i Tromsø. Propellfly har store avgrensingar på vér og vekt. Dei flyr også saktare enn jetfly.

I 2016 trudde me det skulle ordne seg. Då kom meldinga om at Luftambulanse­tjenesten skulle sette inn jetfly i Oslo og Tromsø. Sjef for tenesta, Øyvind Juell, sa då: – Å få jetfly inn i Luftambulansetjenesten er et kvantesprang som bedrer beredskapen for Svalbard, og gir bedre pasientsikkerhet i hele landet.

Jetflyet i Tromsø vart ikkje noko av. I oktober 2016 hadde Svalbardposten overskrifta: «Stanser livreddende fly». Styret i Helse Nord gjorde heilomvending. Årsaka var at jetfly ikkje kunne lande i Hammerfest. I tillegg fekk dei mindre pengar på statsbudsjettet enn dei hadde trudd. 

Sidan har sårbarheiten knytt til ambulanseflyberedkap til Svalbard vore diskutert gjentatte gonger. Det er jetfly i Oslo, men i Tromsø er det berre ein midlertidig avtale om ein EU-jet. Denne er berre bemanna på dagtid. 

I januar fekk Svalbardposten innsyn i tilsyns­rapporten etter den alvorlege hendinga i 2022 der ein mann døydde. Det tok åtte timar frå behovet vart varsla, til ambulansefly kom til Longyearbyen. Då var det for seint.

Rapporten konkluderer med at pasienten fekk forsvarlig helsehjelp ved sjukehuset lokalt, men at manglande kapasitet og forseinkingar i gjennomføringa av ambulanseflytransporten gjorde at pasienten ikkje fekk livsnødvendig behandling i tide. Helsehjelpa var samla sett ikke forsvarleg.

Sysselmeistaren sendte bekymringsbrev til Statsforvaltaren i 2022. No har dei sendt eit nytt brev der dei skriv at dei framleis er sterkt bekymra for ambulanseflyberedskapen på Svalbard. «Nå foreligger det både nye erfaringer fra uønskede hendelser og nye vurderinger på området, blant annet i en risiko- og sårbarhetsanalyse som Sysselmesteren nylig har utarbeidet», skriv dei. 

Vidare peikar Sysselmeistaren på at ein pasient 8. januar hadde behov for ambulanse­transport til fastlandet, men ingen fly kunne nå Longyearbyen. Det var for dårleg vér for propellflya. Samstundes var jetflya i Tromsø og Oslo sett på bakken som følge av planlagt vedlikehald og feil. 

Det er uforståeleg at Tromsø enda ikkje har eit permanent, døgnbemanna ambulansejetfly. Og det er uforståeleg at det ikkje er automatikk i at det blir sett inn nye fly når andre er ute med feil eller vedlikehald. Me er sårbare nok som det er. Ein ekstra planlagt risiko kan me ikkje akseptere.

Powered by Labrador CMS