LESERINNLEGG:

– Eg trur det har ein større gevinst enn vi anar

Anne Marit Grøndalen mener Longyearbyen er heldig som vet viktigheten av å legge til rette for et aktivt kulturliv.

Tundradundrende med gutta på sleden forrige helg.
Publisert Sist oppdatert

Vi i Longyearbyen er utruleg heldige. Vi har eit breitt tilbod av kulturaktivitetar for små og store, og vi har eit godt og velfungerande kulturelt nettverk rundt oss som bidreg aktivt med smått og stort. Eit slikt «maskineri» kan ikkje fungere godt utan at det blir satsa på, eller at maskineriet blir halde ved like. Eg er usikker på om vi heilt forstår omfanget og viktigheita av alle desse uformelle og formelle nettverka, og om kva det kostar på lengre sikt om det ikkje blir halde igang? 

Sist helg hadde Tundradundrene og Mannskoret ein utruleg fin oppleving ilag – og denne opplevinga delte vi med mange av folka våre i byen. Vi har brukt utallige timar på å øve, vi har vore ilag i både opp- og nedturar, vi har fått blitt kjent med nye folk, vi har sjaua og jobba og vi har bidrege med det vi har kunna bidrege med.

Dette handlar jo ikkje om kva Tundradundrene (eller til dømes blandakoret, mannskoret og storbandet) har dreve med i haust – det handlar om noko langt meir viktig.

Det handlar om integrering, om samhandling, om å høyre til, om å vere ein del av eit fellesskap, om å støtte kvarandre når det går tungt, gje kvarandre pågangsmot og til slutt: den store finala med konserten. 

Då vi kunne puste ilag, dele tonane, dele stunda og glede so mange. Og for ei glede vi kjende på der vi stod – ei glede og takknemmelegheit for dei som hjalp oss med lyden, med lyset, med husrom og med bandet som berre heva alt til noko heilt spesielt. Og dette er kun ein konsert med omlag 40 sangarar på scena og eit band på 5. 

Tenk kor mykje som blir produsert i form av «usynlege» kroner i løpet av eit år i forhold til dette med frivillig arbeid og gode rammevilkår for oss som driv med kulturarbeid på dette nivået. 

Anne Marit Grøndalen tror det frivillige arbeidet har en større gevinst enn vi aner.

Om vi skal klare å lage ein konsert så er vi også heilt nødt til å ha gode rammebetingelsar slik at vi kan klare det, både husmessig og økonomisk. Alle timane som blir lagt ned i frivillgheita sitt namn har større konsekvensar enn ein kan ane om ein ikkje tenker seg godt om. Det handlar om bulyst, blilyst, trivsel, omdøme, kompetanse, integrering og samhandling. At ein får eit ja når ein spør om å få låne utstyr eller husrom – andre plassar rundt om i Noreg knekker kor og korps ryggen på og i det heile teke gjennomføre konsertar i sitt lokale kulturhus eller med folk som kan faget sitt. Når kostnaden blir så stor at ein i etterkant må ha kakelotteri og loppemarked for å få inn pengar for vidare drift av korpset eller koret og må nok ein gong gå på dei frivillige som alt bidreg mykje. Og ein spør seg om kvifor folk flest ikkje driv med frivillig arbeid lenger?

Dette er den store forskjellen, og som gjer det så gjevande å bidra i det frivillige arbeidet her i Longyearbyen! Her møter ein positive og dyktige folk som støttar opp om kulturlivet på alle måtar. Av tid, av kompetanse, av utstyr og ikkje minst ein velvillig politisk og administrativ tankegang om viktigheita av dette med å legge til rette for eit aktivt kulturliv.

Som sagt; eg trur det har ein større gevinst enn vi anar, om Longyearbyen lokalstyre og politikarane no klarar halde fast ved den grunnleggande positive tanken om korleis vi ynskjer å ha det her i byen. 

Om frivillgheitstanken som ligg i botn av folk flest her, om å gje og få noko tilbake, om omdømebygging og aktive kulturbyggarar.

Eg håpar og trur på ei lys framtid for både oss som bur her no, på alle dei som bidreg kvar dag for at maskineriet skal halde seg igang og for alle dei som er med i frivilligheita og kulturlivet berre slik heilt av seg sjølve. 

Vi er verdt kvar ei krone!

Powered by Labrador CMS