Line Nagell Ylvisåker

LEIAR I LINE NAGELL YLVISÅKER

Å så eit håp

Publisert Sist oppdatert

Søndag er det 15 år sidan celebre gjester bar med seg dei første 600 frøposane inn i frølageret ved Platåberget. Alle fekk eit plastkort som fortalde kva slags frø dei hadde båre til «evig» liv. 150 meter inne i det kjølege fjellet song ei naken gutestemme «Sov du vesle spire ung», bada i blått lys.

– Vi er langt vekk fra verdens farer her, det er ikke noe galt som kan skje som jeg kan tenke på nå, sa Cary Fowler, direktør for Global Crop Diversity Trust.

Det kjendest som ei god nattahistorie.

Jens Stoltenberg var statsminister i 2008.

– Dette er vårt sikkerhetsnett, vår Noahs ark av i dag, sa han.

I dag, 15 år seinare, inneheld frølageret meir enn 1,2 millionar frøprøvar frå heile verda. Stoltenberg er generalsekretær i eit Nato som handterer krig i Europa og auka spenning i nordområda. Me er ikkje så langt vekk frå verdas farar som det kjendest i 2008. To av dei største utfordringane verda står ovanfor møtest på Svalbard. Klimaendringane, som har skjedd raskare her enn nokon annan stad, med lokale konsekvensar som fleire snøstormar, snøskred og isfrie fjordar. Og på øygruppa møtest aust og vest, Russland og Vesten i eit nordområde som stadig blir kaldare.

At land frå verda over har sendt inn frø til ein, felles bank gir håp om at verdssamfunnet likevel skjønar kva som står på spel.

Frølageret i Longyearbyen starta med ein idé allerede i 1984 om at frø kunne plasserast i kassar i ein sidestoll i Gruve 3. Ideen fekk spire.

Genbankar frå heile verda kan levere tryggleikskopiar av frø i Longyearbyen. Også den russiske genbanken N.I. Vavilov All-Russian Scientific Research Institute of Plant Industry har lagt inn nær 6.100 frøprøvar her. Nikolaj Vavilov, som genbaken har namn etter, var ein leiande sovjetisk botanikar og genetikar i mellomkrigstida. Han var sterkt engasjert i få slutt på svolten som herja både i heimlandet og ellers på kloden.

Verda ser ikkje betre ut no enn då. At land frå verda over har sendt inn frø til ein, felles bank gir håp om at verdssamfunnet likevel skjønar kva som står på spel. At me menneske er i ferd med å utrydde artar og gjere verda til ein vanskelegare stad å leve for alle. Det er på tide å la håpet spire. Det har sove lenge nok. Samstundes må me så håp og vilje til endring hjå kvarandre.

Vilje, støtte og retning framover trengs også her i Longyearbyen. Det er mykje å ta tak i, men det går det sakte. Ikkje alltid går det framover heller, eller det går fram når det burde gått tilbake, som med talet på cruisebåtar.

Til då: Enno er det vinter. Nyt den, og god helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS