LESERBREV - ENERGI:

Fyr opp att kol-dampkjelen!

Kullovnene i Energiverket brann ut i fjor haust.
Publisert

 

Energirekninga etter omlegginga frå kol til diesel aukar frå time til time. Krevje av næringslivet å betale er like utopisk som det har vore å vedta at de største abonnentar på straum var forplikta. Å rope på staten bremsar ikkje gjelda. 

Omlegginga frå kol til diesel kom for tidleg. Euforien for det uklåre omgrepet «grøn energi» og trua på at den globale oppvarminga var å stogga, har truleg freista å lukke auga for den fysiske røynda. Vinsten i karbonutslepp ved skiftet i Longyearbyen er globalt sedd for null å rekne. Luftkvaliteten lokalt er forringa. 

Framleis står kol-kraftverket intakt. Kolgruva finst. Tida renn og med ho renn pengane. Ta til motet og snu, enn så lenge!

Klimaforskinga held fram. Snart kan det syne seg at drivkrafta for oppvarminga ikkje finst boteråd imot.

 

Powered by Labrador CMS