LEIAR

Hald fram med å kommentere, men gjer det ordentleg

Redaktør Line Nagell Ylvisåker mener mange bør tenke seg om en gang til før de poster kommentarer under Svalbardpostens saker på Facebook.
Publisert Sist oppdatert

Denne veka har Svalbardposten skrive om Tio Monchos, spisestaden som fekk kontrakt på å drive i kulturhuset, men ikkje servera alkohol.

Heilt frå før kulturhuset opna, har ungdommar i Longyearbyen heva røysta mot skjenking på ein stad som er så viktig for dei. Ein skjenkestad dei må gjennom for å koma til biblioteket, eller inn i kulturhussalen. Ein skjenkestad dei må dele toalett med.

Då saka om å gi spisestaden skjenkeløyve på nytt vart løfta opp denne veka, gjentok ungdommane i ungdomsrådet bodskapen:

– Barn og unge skal ikkje føle at det er utrygt å gå på biblioteket.

Dei sa vidare:

– For oss er dette en prinsipiell sak, og det handler ikke om at vi mener Tio Monchos ikke bør få skjenkebevilling. Det handler om at vi ønsker en mulighet for at barn og unge kan skjermes for dette.

Longyearbyen er så heldig å ha engasjerte, modige, kloke ungdommar som jobbar for at byen skal vera ein god stad også for barn og unge.

Svalbardposten prøver så godt me kan å løfte dei unge stemmene fram. Det er dei som skal ta demokratiet vidare.

Konstruktive debattar er viktig. Då er det skuffande å lese kva vaksne folk skriv i kommentarfeltet vårt på Facebook. Mellom dei:

«Så noen ungdommer på Kroa i dag. Få ikke håpe de ble traumatisert siden bordene rundt hadde alkohol i både øl, tonic og cola.... Det var faktisk noen som tynna ut kaffien og.»

Med svaret:

«Får håpe PPT står i beredskap». 

At vaksne folk ter seg slik er flaut. Avisa ynskjer debatt og argument frå alle sider av saker, men folk må vise kvarandre respekt. 

I denne saka tok både vaksne og ungdomsrådet sjølv til motmæle. Tilsvara er på eit nivå høgt over kommentarane dei svarer på. Eg håper fleire kjem med konstruktive innspel i debattar. 

Me i Svalbardposten blir glade for alle tankar, spørsmål og meiningsbryting. Me vil gjerne ha meir av det, og strekker oss for å ta innspel, spørsmål og vinklingar med oss vidare journalistisk.

Men tenk over korleis kommentarane kjem ut. Er det konstruktivt? Korleis blir dette lest av andre? Behandlar de andre debattantar med respekt? Er det humor eller tippar det over til å bli hån?

Det går varmt i saker om isbjørn, då hender det faste lesarar postar at det er tid for å ta fram popcornet, og det har gått varmt om energi. Politikarar i generell form har blitt stempla som udugelege.

No og då må me slette og skjule kommentarar, men det meste er så vidt innanfor, stang inn. Det er ytringsfridom i Noreg, og terskelen for å fjerne utsegn er høg. Men at det er ytringsfridom betyr ikkje at det er ytringsplikt.

Me oppmodar lesarane våre til å ta ytringsansvar.

Me ønsker ein levande debatt om viktige Svalbard-saker, me røkter kommentarfelta og håper at nivået på det som blir delt blir heva.

Hald fram med å meine, men gjer det ordentleg. Og send gjerne debattinnlegg og lesarbrev til redaksjonen så me kan poste på svalbardposten.no.

Med ønske om konstruktiv debatt.

Powered by Labrador CMS