LESERINNLEGG:
Historisk tilbakeblikk - Braathens SAFE

Fleire har kommentert det historiske biletet av Braathens SAFE-flyet som tidlegare landa på tundrabana i Adventdalen. Svalbardposten skreiv mellom anna at flyet frakta både reinsdyr frå og snøskutarar til Svalbard:
Reinhard Mook kan nemne at kaptein Oddvard Johnsen fløy reinsdyra saman med folk til Tromsø. Vidare skriv han:
«Sjølv har eg vore med 20. - 21. april 1966 som meteorolog. Det var 4-motors propellfly som ikkje kunne klatre over skyene (difor fare for ising!). Navigasjon var berre etter Bjørnøya (morse-sendar) og signal frå Isfjord Radio.
Flyet skulle krype lågt over fjorden frå Isfjord Radio og skulle ha austavind for å bremse på tundraen. Men skulle helst ha vestleg vind for å klatre opp mot vest på grunn av hinder ved fjella i aust.
Det var i forkant rekna på tundraen si bærekraft. Rekning på lystilhøva ved fullmåne over snøkledd tundra åpna for flyging midt på vinteren (jul). Problematisk ved uventa snøbyge over Isfjorden.
På grunn av kapasitet for drivstoff var Sørkapp siste posisjon frå Tromsø om ein skulle greie seg attende utan påfyll på Svalbard.
Dei tidlegaste turane hadde, det eg veit av omtale på Vervarslinga midt på 1960-talet, med seg utstyr til å kunne overleva ei stund på isen. Dei hadde òg med seg tyske militærkart som viste kvar på strandflater ein kunne forsøke å naudlande. Av eiga erfaring som meteorolog hugsar eg den umogelege oppgåva å seie noko om ising langs den 1000 kilometer lange strekninga opp til Svalbard berre på bakgrunn av radiosonden på Bjørnøya. Dei lokale snøbygene med til dels veldig dårleg sikt - med fare for «whiteout» av pilotens syn - var umogeleg å varsle. For satellitt-bileta som i dag pent viser dei minste skysystem, var ikkje tilgjengelege.»