Når hyttetomter kjem «for seint»

«Framleis er det uvisst om eller når det kan bli ei råd», skriv Reinhard Mook.

Reinhard Mook.
Publisert
Transport av uthus til Vindodden våren 2013.

Det finst dei som har leikt i Longyearbyen, som vaksne har arbeidd og framleis arbeider i byen òg veit at alt som har byrja òg kjem til ein slutt. Pensjonsalderen stig opp mot synsranda. Enno drøymer dei den uoppfylte hyttedraumen. Men korkje midnattsola eller mørketidas stjernehimmel fortel om og når dei har håp om å få ei hyttetomt.

Sant nok, er det erosjon og skredrisiko på høveleg areal. Store Norske har hatt krevjande oppgåver på meir påtrengjande felt enn hyttetomter. Jamvel, nokre med særleg tette band til byen i lang tid, gjerne alt frå førre generasjon, kan kjenne det bittert å ha venta i meir enn ti år på tomt. Framleis er det uvisst om eller når det kan bli ei råd og med kva prioritet.

For å seie det brutalt: Å ha venta ein stor del av vaksenlivet, kjenne den enno attverande levetida krympe, såleis er stoda for dei det gjeld, men inkje gjere kan for å få tomte-prosessen i fart. Sakn og tristesse kan vere verknadar av ein ikkje oppfylt hyttedraum, sorg over tapte år, trass i at areal frå naturens side finst.

Hyttetomter som kjem for seint for individa reiser spørsmål om etikk og medmenneskeleg ansvar. Handling skulle vere på si tid.

Powered by Labrador CMS