LESERINNLEGG - KORKPENGER:

Vaksne må også trivast i byen

Kulturtilbudene i Longyearbyen må trolig redusere aktiviteten sin, etter korkpengeutdelingen i februar. Det mener de vil få flere følgekonsekvenser. Dette bildet er fra Tundradundrenes julekonsert var Store Norske mandskor med på «sleden».

Vi i kor, storband og orkester er framleis heilt nummen etter vedtaket som vart gjort i LOKU (Lokalsamfunn-, oppvekst- og kulturutvalet) 6. februar vedrørande KORK-tildelinga for 2023

Når det blir søkt om tre gonger så mykje som det er til utdeling, er det opplagt at nokon kjem til å bli skuffa. Det er heilt sikkert ikkje enkelt og måtte prioritere blant mange gode formål, og i år bestemte LOKU seg for å prioritere barn og unge. Det var i hvert fall det som vart sagt i møtet den 6. februar. 

Det er prisverdig at politikarane ynskjer å gjere ein innsats for barn og unge i Longyearbyen, særleg når dei har skjønt kva konsekvensane blir for dei som ikkje blir prioritert eller blir nedprioritert. Vi undrar oss likevel over at det ikkje vart meir diskusjonar rundt dei enkelte søknadane, og vi vil i sakas anledning gjere vårt for å opplyse alle, inkludert LOKU, om konsekvensane det får for byen sine tre kor, storbandet og symfoniorkesteret.

Den historisk låge korkpengetildelinga til kor, storband og orkester innebær at vi, med stor sannsynlegheit, må redusere aktiviteten betrakteleg ettersom vi no får store problem med å løne dirigent. Det kan i verste fall ende med at vi må legge ned drifta. 

Blandakoret Kullstrupene.

Vi vaksne må ha det bra for at ungane skal trivast – dette syns vi er eit viktig bodskap til politikarar og dei som rår over framtida. Ved å redusere kork-midlane med so drastiske summar er politikarane no i ferd med å rokke ved grunnvollane i byen. Vi lurer på om de ser den store verdiskapinga som songarar og musikarar i byen utgjer? 

Frivillig arbeid i hundretals av timar, inkludering av unge og gamle, samhald og glede, motivasjon og psykisk helse kvar einaste veke, eit pusterom og avkobling av kvardagsutfordringar for mange og ikkje minst å dele gleda og musikken til mange, mange i byen.

Alle som syng eller spelar har teke eit aktivt val om både få delta, men også å bidra. Når grunnvollane ristar (altså økonomien), rokkar ein ved noko langt større enn «berre» ei kor-øving eller storband-øving. Ein rokkar ved noko stabilt og grunnleggande.

Kor og orkester i Longyearbyen er ein «vaksen»-aktivitet og det vert sagt at vi difor bør klare å drifte seg sjølve. Det er lettare sagt enn gjort. Her har ikkje politikarane forstått kva det eigentleg dreiar seg om, dette med å vere med i ein slik organisasjon. Det handlar om noko langt meir viktig, og det er mange som blir berørt om det er slik at vi ikkje klarar oss. Konsekvensane av mindre aktivitet er dramatiske for mange.

Longyearbyen storband.

Vi som spelar i eit orkester eller syng i eit kor inkluderar og opnar opp for eit breitt og allsidig nettverk av ulike folk. Vi kan vere eit stabilt punkt for mange som lever i eit ustabilt liv. Folk kjem og går, men mulegheita for å synge eller spele held sin faste gang året gjennom. Mørketida kan opplevast tøff for mange, og viktigheita med eit fast møtepunkt kan vere grunnleggande for at folk klarar å bli her gjennom vinteren.

Det blir snakka so fint om bli-lyst og bu-lyst, men kven skapar eigentleg denne lysta til å bu og bli? 

I både kor og orkester har vi med oss mange ungdomar, både frå grunnskulen, folkehøgskulen og UNIS. Dei fleste av studentane kjenner ikkje so mange av lokalbefolkninga, men gjennom song og musikk skapast det gode og positive band til oss som bur her. Kanskje akkurat det bidreg til at dei ynskjer å kome tilbake hit eller bli etter endt skuleår. DET vil vi seie er eit aktivt bidrag til både bu og bli-lyst!

Gjennom veker, månadar og år møtast omlag 150 menneske for å synge og spele ilag. Nye venskap blir knytt, nye band blir danna og det er ei stor investering i vår psykiske og fysiske helse og møtast. Ei øving består av sosialt prat og venskap, men noko av det viktigste er det vi får til ilag. Det er musikken som er er vårt felles utgangspunkt, og då er faktisk dirigenten den viktigste bidragsytaren. Ein dirigent samlar alle, alt fokus er retta mot denne eine og det er gjennom øvingane at meistringa og resultatet kan skinne. Ein dirigent har ei utdanning innan det å faktisk kunne omgjere ei note til noko som er vakkert både å høyre på og vere ein del av. Det at vi fekk so store reduksjonar i kork-midlar fører rett og slett til at vi ikkje klarar å løne dirigenten, og dermed må redusere grovt i aktiviteten vår. Vi ser med stor bekymring på korleis framtida vil sjå ut med tanke på det kulturelle mangfaldet vi har her i byen.

Longyearbyen symfoniorkester.

Vi ser også med stor bekymring på om vi må til med dorull-dugnad eller kakelotteri. Då vil vi jo måtte konkurrere med til dømes Svalbard turn og russen om inntekt, og det ynskjer vi ikkje. Vi har heller ikkje mange mulegheiter til å søke om midlar frå ulike organisasjonar – vi er jo berre oss på denne vesle øya.

Det trengs generelt ein betre dialog mellom frivilligheita, administrasjonen og politikarane, der ein kan skape ein forutsigbarheit for framtida. Vi tek gladeleg imot ein invitasjon for og møtast å snakke ilag om det kan vere av interesse? Slik det no vart med kork-midlane ser vi mørkt på kva vi kan klare å skape av aktivitet for dei vaksne. Det hjelp lite at barn og unge har eit godt tilbod her oppe hvis ikkje dei vaksne trivst her!

Longyearbyen Storband 

Kullstrupene blandakor 

Longyearbyen Symfoniorkester 

Tundradundrene

Store Norske Mandskor

Powered by Labrador CMS