Nytt land smeltar fram

Når isen smeltar, trer nytt land fram for auget.

Kronebreen i Kongsfjorden på Svalbard.
Kronebreen i Kongsfjorden på Svalbard.
Publisert

Nye polare stadnamn

Svalbard

  • Charleslaguna i St. Jonsfjorden. Forslag frå: Christian Lydersen
  • Kongsbrebukta og Kronebukta i Kongsfjorden. Forslag frå: Geir Wing Gabrielsen
  • Värtavatnet, Stadionvatnet, Diggersvatnet, Skurvvatnet, Millervatnet, Fuhrmeistertjørna, Gimlevatnet og Arkpytten. Forslagstiller for nokon av desse: Hanne Johnsen
  • Telegrafbukta, Mendeleevbukta, Tromsølaguna og Olsokelva i Sørkapp Land. Forslagstiller for nokon av desse: Anders Skoglund
  • Knøttodden, Vollvatna og Vollodden på Storøya. Forslag frå: Anders Skoglund
  • Recherchelaguna i Recherchefjorden. Forslag frå: Christian Lydersen

Antarktis:

  • Flishaugane, Isausa, Vedskiene, Tron, Tavla, Øksberget, Instehøgda, Sporden, Isdumpa, Brystfinnen, Tyren, Tyrehalen, Tussedammen, Vassdammen og Brugdedammen i Dronning Maud Land. Forslag frå: Anders Skoglund

(Dei nye stadnamna blei vedtekne den 3. desember 2020 av Norsk Polarinstitutts namnekomité for polare stadnamn).

I takt med varmare klima er isbreane på kloden i forandring. Dei smeltar i eit høgare tempo enn for berre få år sidan.

På Svalbard, som har omtrent fire prosent av isbreane i verda, vil breane minka mot år 2100, dersom oppvarminga held fram i same tempo som dei siste tiåra, seier isbreforskar Jack Kohler ved Norsk Polarinstitutt.

– Under scenariet «business as usual» blir det anslått at i tidsrommet 2071-2100 vil breisen smelta cirka seks gonger så raskt samanlikna med perioden 1971-2000, det vil seia frå cirka 40 cm per år til 2,4 m per år, fortel Kohler.

Omtrent 10 prosent av jordkloden er dekt av isbrear, og det er Antarktis og Grønland som har mest isbre. Konsekvensar av den globale bresmeltingen er mellom anna at havnivået stig, økosystem blir svekte og verdifulle artar går tapt.

<strong class="nf-o-text--strong">AUGNEVITNE TIL ENDRINGAR:</strong> Forskar Geir Wing Gabrielsen merkar i stadig større grad at landskapet på Svalbard endrar seg i takt med varmare klima. Her er han fotografert under feltarbeid i Kongsfjorden.
AUGNEVITNE TIL ENDRINGAR: Forskar Geir Wing Gabrielsen merkar i stadig større grad at landskapet på Svalbard endrar seg i takt med varmare klima. Her er han fotografert under feltarbeid i Kongsfjorden.

Synlege bevis av klimaendringar

Når isbrear smeltar, smyg òg landskapet under fram. Øyar, holmar og skjer som før var dekt av krympande brear, trer fram i dagen. Ei halvøy kan visa seg å vera ei øy, og ein fjordarm kan skjula holmar og skjer.

Nytt land som dukkar opp er noko Geir Wing Gabrielsen frå polarinstituttet har observert i stadig større grad i sine snart 40 år som forskar på Svalbard. Kvar sommar drar han på feltarbeid til Kongsfjorden ved Ny-Ålesund. Der arbeider han tett på dyrelivet gjennom polarsommaren.

<strong class="nf-o-text--strong">VIKTIG LEVEOMRÅDE:</strong> Framfor isbrear finn mellom anna sjøfuglar, sel og kval mat i havet, som næringsrike krepsdyr.
VIKTIG LEVEOMRÅDE: Framfor isbrear finn mellom anna sjøfuglar, sel og kval mat i havet, som næringsrike krepsdyr.

Halvøya som vart ei øy

Den cirka 30 km lange Kongsfjorden strekker seg inn til isbreane inst i fjorden. Der endar fire store brearmar; Conwaybreen, Kongsbreen, Kongsvegen og Kronebreen. Alle desse har trekt seg eit godt stykke tilbake dei seinare åra.

Midt på nordsida av Kongsfjorden ligg Blomstrandhalvøya, som vart til ei øy sommaren 1994, då Blomstrandbreen trekta seg tilbake og opna eit sund mellom den nye øya og fastlandet.

Midt på nordsida av Kongsfjorden ligg Blomstrandhalvøya, som vart til ei øy sommaren 1994, då Blomstrandbreen trekta seg tilbake og opna eit sund mellom den nye øya og fastlandet.

<strong class="nf-o-text--strong">BLOMSTRANDBREEN ANNO 1918:</strong> Blomstrandbreen er ein av fleire brear på Svalbard som har trekt seg tilbake dei siste tiåra. Her frå 1918.
BLOMSTRANDBREEN ANNO 1918: Blomstrandbreen er ein av fleire brear på Svalbard som har trekt seg tilbake dei siste tiåra. Her frå 1918.
<strong class="nf-o-text--strong">BLOMSTRANDBREEN ANNO 2013:</strong> Blomstrandbreen har krympa betydeleg sidan 1918.
BLOMSTRANDBREEN ANNO 2013: Blomstrandbreen har krympa betydeleg sidan 1918.

Dei namnlause stadane

Kartograf Oddveig Øien Ørvoll frå polarinstituttet merkar òg at landskapet er i endring. Ho lagar nye og oppdaterer eldre kart, og tidvis må karta reviderast etter kvart som landskapet blir endra. Den «nye» naturen må registrerast i karta.

I tillegg til å arbeidde med kart, leiar Øien Ørvoll namnekomiteen for polare stadnamn. Nyleg har komiteen vedtatt 34 nye stadnamn på Svalbard (sjå oversikt i saka).

Dei siste åra har komiteen bestemt stadig fleire stadnamn, etter kvart som breis har smelta.

– Terrenget endrar seg når breane trekker seg tilbake. Døme på det er bukter i Kongsfjorden og lagunen som har vorte større i Recherchefjorden, fortel ho.

Ny lagune

Endringane i den siste tida har gjort at nye stadnamn må på kartet. I haust etterlyste namnekomiteen namn på fleire stader på Svalbard, både i terreng som er smelta fram, og for andre stader.

Lagunen i Recherchefjorden fekk i det høvet namnet Recherchelaguna.

– Recherchelaguna er eit døme på nye element som smeltar fram, her er det Recherchebreen som trekkjer seg attande, og laguna veks, seier Øien Ørvoll.

Nye stadnamn i Kongsfjorden

Geir Wing Gabrielsen foreslo namna Kongsbrebukta og Kronebukta, etter eigne observasjonar av to nye bukter som i takt med smeltinga er i ferd med å utvikla seg i Kongsfjorden. Namnekomiteen godkjente forslaga.

– Dette er eit trafikert område, og det trengst namn her. No i ein tidleg fase vil desse elementa sjå ut som buktar. Men studiar viser at med forventa smelting nokre år fram i tid vil dei i større grad bli til fjordarmar, seier Øien Ørvoll.

Sjølv synest Geir det er fint å kunna bidra med namnesetninga på områda som han besøker ofte kvar sommar.

– Store samlingar av sjøfuglar samlast framfor breane, i hovudsak krykkjer. Der finn dei mat, som små krepsdyr. Men også dyr som ringsel og kvitkval samlas her for å jakta føde, fortel han.

Powered by Labrador CMS