Om risiko og naturfare

Den arktiske naturen krev respekt av menneska på Svalbard.

Naturen i Arktis er vakker, men kan også være lunefull. Artikkelfrorfatteren skriver blant annet om farene ved å ferdes i det barske landskapet.
Naturen i Arktis er vakker, men kan også være lunefull. Artikkelfrorfatteren skriver blant annet om farene ved å ferdes i det barske landskapet.
Publisert
En tur ut på glatta i byen kan også innebære en viss risiko, skriver Reinhard Mook.
En tur ut på glatta i byen kan også innebære en viss risiko, skriver Reinhard Mook.

Men stein- og snøskred, kuling og kulde kan truge på fastlandet òg, samt andre naturfarer i andre delar av verda. Handling i høve til naturen inneber risiko. Risiko rår òg på nær alle livets felt, til dømes helse, økonomi, bli glad i nokon, få leve lenge, samt heile det teknologiske domene.

Risiko, eit moderne omgrep

Alltid og i alle kulturar har menneska møtt uvisse om hendingar i framtida. Men omgrepet «risiko» eller tilsvarande har neppe vore brukt. Guddommeleg vilje, gode eller vonde makter, avgjorde utfallet av framtida unndrege menneskeleg kontroll. Oppgåva å velje blant fleire alternativ, til dømes peike ut beste staden for å fiske, har vore overlate personar med særlege evne eller vorte avgjort ved faste rituelle prosedyrar.

Med utviklinga av naturfaglege prinsipp og rasjonelle forklåringar av årsak og verknad seinast på 1600-tallet kom omgrepet «risiko» i bruk. Sannsynet for ikkje ynskjelege hendingar multiplisert med verdien av tap er eit mål for «risiko». Ein tillèt eller «risikerer» handlingar innafor valde grenser for å oppnå ynskjelege mål. Menneskeliv er så stor ein verdi og tapet ikkje å erstatte at skred ikkje må hende oftare enn matematisk ein gong på 5000 år. Risiko er ikkje noko objekt som kunne utforskast på linje med krefter i sørpeskred. Risiko kjenneteiknar skaden som kan hende, men i utgangspunktet reknast med ikkje vil inntreffe.

Den uunngåelege risiko

Brukte kunnskapar, til dømes om vindfrakta snø eller om straum under fjordisen, gjer risikoen for å bli teken av skred eller gå gjennom isen mindre. Fiske midtvinters på 80 gradar nord hadde vore hasardiøst om det ikkje var for tekniske hjelpemiddel som skipa vilkår å kunne stå i mot naturen og såleis reduserte risikoen til akseptabelt, om enn diskutabelt, nivå. Risikoen for ein båt å gå på grunn avhenger av risikoen for feil på utstyr eller tilhøve ut over menneskelege grenser. Ignorere risiko innebar risikoen for ikkje å vere førebudd på avvik frå «normalen», eksponerer for risikoen ikkje å kunne takle fare som kjem brått på.

Handlingar er som regel målretta. Men garantere for å nå målet er prinsipielt uråd. Det finst aldri noko sikkert resultat i framtida av di det alltid finst kjende og ukjende faktorar utanfor kontroll. Plan og mål å gå langs med Spitsbergen kan vere avgjorde sikkert («determinert») i hovud og på papir, følgje planen vert verande berre moglegheit heilt til slutten. Vêr, føre, helse, bjørn kan tvinge fram avvik.

Det sikre er ein illusjon

Analyser av risiko tufta på sannsyn av ulike tenkjelege hendingar vert rekna opp mot noko fiktivt sikkert. Krevje noko absolutt sikkert er jamt med å lamme «risikabel» handling. Hjelparar måtte la vere å rykke ut. Null risiko for skred inneber å nekte folk å bruke eksponerte bustadar. Om turen ute i naturen «sjølvsagt» reknast som «trygg», står «trygt» berre for ein tanke, det fiktivt sikre. Illusjonen om tryggleiken lever av sosial semje om at det sikre finst, trass i motstridande røynsler. Snøskutarar har velta, folk har falle i sprekkar, helikopter har havarert.

Når illusjonen møter røynda, skavlar veks, sikten vert verre, kan hjernen lage strategiar som gjer risikoen mentalt mindre enn han fysikalsk er. Det er måten å unngå panikk på og berge seg ut av ein ukontrollert kritisk situasjon. Skjemaet «risiko og ynskeleg resultat», det heldige utfall rekna som «sikkert», kan å sjå til hjelpe kva veg ein vil velje. Det tvilsame her er å blande risiko med det abstrakte «fritt for risiko». Det siste finst som ein idé, men ikkje i samkvem mellom menneske og natur. Eg veit om holka og risikoen for å falle, men reknar med å nå Svalbardbutikken «heilt sikkert».

Fare i staden for «tryggleik»

Omgrepet «fare» tillèt å komme bort frå den illusoriske tryggleiken. Han finst ikkje i røynda av naturens lover. Dei er ikkje determinerte for oss i kvardagen, men prega av sjansane for at hendingar kjem på. Eg ser ikkje blanke isen under laus snø, ukjende «friksjonskoeffisienten» avgjer om eg held meg på to bein eller dett. Liknande med å sjå ujamt terreng i flatt ljos. Meiningslaust er å skulle velje «det sikre» med risiko lik null: Ein reketrålar som ikkje er på sjøen går sikkert ikkje på grunn, den som aldri går på ski »risikerer» sikkert ikkje ski-uhell, ein må ikkje bo på Svalbard utan å godta «risiko» for jordskjelv.

Setje naturen lik med «fare» ser i auga at naturen «svarer» mennesket som har teke risikoen å «kommunisere», gå i «dialog». Om fare manifesterer seg i skade, vil utforskinga sikte til å gjere seg «betre kjend» med partnar «naturen». Auka kunnskap kan førebygge ulykka å hende om att på nytt. Hittil løynde faktorar vert synlege, nye «brannmurar» reisast mot naturens farepotensiale – og faren hos mennesket å bryte reglar om «tabu» i høve til naturen, til dømes råkøyre i skråningar på utrygg snø. Men målet om absolutt tryggleik er illusjon. Tankeskjemaet «risiko i høve til fare» (i staden for «risiko og ynskjeleg resultat») svarer til menneskets «dialog» med naturens lover prega av sannsyn.

Risiko, skuld og straff

Samfunnet held ved like mønstret av «skuld og straff» (i staden for «feil og opplysning»). Ei ulykke vert alltid knytt opp til handling i forkant. Juridisk og etisk er det ikkje likesæl på kva vilkår risiko var godteken. Leiaren av eit turlag vert sedd på som «årsak» til ei ulykke og risikerer å kriminaliserast. Risiko og inadekvat handling sett i etterkant gjev ikkje det same bilete som har vore sett i forkant, i avgjerda sin time.

Ein beinveges linje mellom naturfare og aktør forenklar røynda utillateleg: Psykologiske, organisatoriske, teknologiske faktorar pregar vurderinga av risiko. Forventning eller sublimt krav om å gjennomføre turen, økonomi og tryggleik kan vere motstridande omsyn å ta, men aktøren kan hende ikkje har vega «korrekt». Risiko og skade står ofte i komplekst samband: Den politiske viljen å gjere Longyearbyen til turistdestinasjon skader ikkje berre den lokale naturen ved «fotavtrykk», men heile verda sitt klima ved drivhusgassar slept ut.

Utvida handlingsrom, utvida risiko?

Opplæring i å ferdast klokt i naturen, kurs i å padle kajakk, flytevester, snøskuter, GPS og satellitt-telefon utvider handlingsrommet. På same tid ligg i utstyret strategiar for å redusere risiko. Ingen vil bli grunn til ein hjelpeoperasjon. Men evna å seie frå om kritisk naud og eksisterande hjelpe-apparat kan tenkjast å verke inn på å vurdere risikoen mindre i høve til farar. Kan hende færre ville tore gå langtur om det var uråd å kommunisere med verda omkring? Helikopter kan nå kva punkt som helst på Svalbard, depot av drivstoff og hytter er tiltak som gjer risikoen mindre for at folk alt for tidleg set livet til.

Det vil alltid vere ein rest-risiko. Ikkje alle faktorar, korkje på sida av naturfarar eller menneskeleg skjøn kan kontrollerast. Døme er uvêr eller ei kaskade av hendingar som sprenger menneskelege og tekniske ressursar. Ikkje alle tenkjelege, men lite sannsynlege kritiske situasjonar kan førebyggjast. Tilfellet sitt spel kjem inn som «lukke» eller «ulukke», stormen eller skodda som ikkje kom eller kom på «gal» stad til «gal» tid, Sysselmannens båt som var til stades eller borte for vinteren. «Risiko» er ein svært så samansett affære.

Powered by Labrador CMS