LEIAR I LINE NAGELL YLVISÅKER

Med håp om debatt og snarleg valkamp

Det blir spanande å sjå kven som vil samarbeide med kven, og om dei held det dei lovar.

Publisert Sist oppdatert

I oktober 2019 smilte fem politikarar framfor Næringsbygget: Stein-Ove Johannessen og Kjetil Figenschou frå Svalbard Høgre, Elise Strømseng og Arild Olsen frå Svalbard Arbeiderparti og Arnt Vegar Jensen frå det lokale Framstegspartiet (FrP). Dei hadde nettopp gått i kompaniskap og sikra seg fleirtal i lokalstyret.

Høgre gjekk til val på å sikre borgarleg fleirtal, men etter at stemmene var talde opp valde dei heller Arbeiderpartiet og Arild Olsen enn Venstre med Terje Aunevik. Veljarar følte seg lurt. No har dei tre partia i det såkalla Polfararsamarbeidet hatt fleirtal i lokalstyret i snart fire år. Ingen av politikarane som smilte på biletet stiller til valg for neste periode.

Det var knytt stor spenning til årets lister og kva for parti som ville klare å stille til valg. Fire parti har meldt seg. FrP er ikkje eit av dei. Dei har ikkje nok folk. Miljøpartiet de grønne klarer heller ikkje å stille liste etter at fleire i lokallaget mista stemmeretten og retten til å bli valgt inn.

Terje Aunevik (V) er den einaste av leiarkandidatane frå førre val som stiller på nytt. Partiet har sendt inn den lengste lista for godkjenning, 20 namn. Bak Aunevik kjem Karine Hauan og ei rekke folk med lang fartstid.

Arbeiderpartiet stiller med ei liste spekka med godt vaksne Svalbardianarar på alle vis. Likevel er stort sett heile lista skifta ut frå førre val. Berre 13 namn står på den. Valgkomiteens Arnstein Skaare offentleggjorde lokalstyrekandidat Svein Jonny Albrigtsen då statsminister Jonas Gahr Støre var på besøk i Longyearbyen. Nummer to på lista er Solveig Oftedal, tidlegare skattesjef i Longyearbyen. I eit innlegg i mars om prosessen med energiomstillinga skreiv ho: «At lokalstyreleder og nestleder når de blir intervjuet av Svalbardposten bagatelliserer manglende dokumentasjon og en saksbehandling som ikke holder mål, er det nesten så man ikke tror det man leser.»

Oftedal gav all ære til Venstre som har forsøkt å etterspørre ein ryddigare og meir fullstendig dokumentasjon i saka utan å få dei øvrige partia med seg. Det tyder på nye tonar frå Arbeiderpartiet framover.

Høgre har ei fyldigare liste med 19 namn, også dei med nye folk på toppen. Celine Anderssen som leiarkandidat og Jo Gytri som nummer to. Inn som ein frisk pust kjem Sosialistisk Venstreparti som for første gong stiller liste i byen. Dei har skrapt saman ni namn med nyankomne Ole Fosse Fardal på topp og Ingrid Ballari Nilssen som nummer to.

Det blir spanande å sjå kven som vil samarbeide med kven, og om dei held det dei lovar. Om me får inn politikarar som tør rekke opp handa, spørre etter uklarheiter og mane til offentleg debatt. Det trengs. Det gjer også tydelege stemmer inn mot sentrale styresmakter i arbeidet med ny stortingsmelding om Svalbard. Korleis skal Longyearbyen bli ein god stad å bu også i framtida?

Hausten blir spennande, men forhåpentlegvis vil partia gi mykje lyd frå seg før den tid.

God pinsehelg!

Powered by Labrador CMS