LEIAR

Kampen for lyset

På få månader har me mista to unge menneske i sjølvmord. Familie, vener og kollegaer sitt att med den såraste sorga.

Publisert

Søndag 10. september var verdsdagen for sjølvmordsføre­bygging. 610 menneske i Noreg tok sitt eige liv i fjor. Sjølvmord er vanlegaste dødsårsak blant unge her i landet. I år vart dagen ekstra tung og viktig. På få månader har me mista to unge menneske i sjølvmord. Familie, vener og kollegaer sitt att med den såraste sorga.

Då ein gut frå barndommen tok sitt eige liv, skreiv Trygve Skaug dikt om det. Søndag delte mange orda hans på sosiale medier: 

«Dette er en ode 

til de gutta 

og de jentene som måtte gi tapt 

i kampen mot mørket

for de var fine folk 

de der helt fremst i frontlinjen 

så ble det for mørkt der 

og det er for dem vi skal slåss 

med lysbrytere festet på knokene

for vi kan ikke ha det sånn 

at svarte natta bare skal valse rundt

og ta for seg»

Det er mange i Longyearbyen som gjer ein fantastisk jobb med å vera der og gi lys til andre - både gjennom jobb og privat. Men ein av kampane me må fortsette å kjempe er å få på plass ei fast, offentleg psykologteneste. I ei årrekke har lokalsamfunnet etterlyst dette. 

Frå 2015 til 2017 var Anna Eckhardt privatpraktiserande psykolog her. 

– Det trengs noen som kan følge opp de som sliter. Forskning viser at mellom 30 og 50 prosent av befolkningen vil oppleve en periode i løpet av livsløpet der de sliter psykisk. Det gjelder også her på Svalbard, sa Eckhardt til Svalbardposten då ho skulle flytte.

Same år fekk Helse Nord oppmoding frå Helse- og omsorgsdepartementet om å etablere ei psykologteneste på Svalbard etter skredet som gjekk i Longyearbyen i 2015. Hausten 2021 skulle det ha vore gjennomført ei risikoanalyse i Longyearbyen for å slå fast kva type psykologteneste byen har behov for. Det er ikkje gjort.

Det går tydelegare og tydelegare fram av kommunikasjon mellom sentrale styresmakter og Longyearbyen at familiane som bur her er eit strategisk verktøy for å hevde suverenitet. 

Me veit alle at Longyearbyen ikkje skal vera eit livslaupssamfunn, men å ha tilgang på psykolog må me kunne krevja for oppdraget.

Inntil vidare, og uansett, må me vera her for kvarandre. Sjå kvarandre, spørje korleis det går og tenne lys. Mørket på Svalbard skal vera fylt med stjerneskin, nordlys, stearinlys og ro. Det skal ikkje valse rundt og ta for seg.

Ta vare på kvarandre, 

Line Nagell Ylvisåker 

Treng du nokon å snakke med?

Hjelpetelefon for mental helse: 116 123

Kirkens sos: 22 40 00 40

Powered by Labrador CMS