Longyearbyen i januar.

Blanke ark for store spørsmål

Publisert

Året Longyearbyen nettopp gjekk ut av, var turbulent. Då me trudde pandemien endeleg var i ferd med å sleppe taket, gjekk Russland til åtak på Ukraina. Plutseleg var naboane våre i Barentsburg i krig.

Då det verste sjokket hadde lagt seg, kom beskjeden om at stemmeretts­reglane for Longyearbyen vart endra. Ikkje-norske må ha budd minst tre år i Fastlands-Noreg for å kunne stemme. Fleire erfarne politikarar har sagt at dei ikkje stiller til val til hausten. Kort tid etter meldte sentrale styresmakter at regelverket for skule- og barnehage i Longyearbyen vart endra. Barn med behov for meir enn «moderat» tilrettelegging har ikkje rett til skulegang her.

2022 var også året då Longyearbyen vart råka av ein storbrann. Den tok ikkje liv, men me vart nok ein gong minna på kor sårbare me er. Ei gruppe «Unwanted foreigners» song seg ut av året med protesttekstar om sertifikat og stemmerett.

Etter eit skikkeleg ruskevêr, ga splitter nye 2023 oss rosa himmel, puddersnø og måneskin. Første helga i februar skal lokale og profesjonelle musikarar jazze oss inn mot lysare tider.

Folk skal møtest og danse og smile. Samstundes trykker store spørsmål på.

Kven skal få bu her? Kor mange kan me bli? Korleis vil krigen Russland fører i Ukraina verke på oss her under nordlyset?

1500 innbyggjarar i Longyearbyen er nok, fleire bør det ikkje bli av omsyn til miljøet, sa avtroppande stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl til Svalbardposten i 2001. Ho var saksordførar då svalbardmiljølova vart handsama i Stortinget. Den gong budde det 1600 personar i Longyearbyen, og det var press på bustadmarknaden.

Tysdag hadde Svalbard Skattekontor registrert 2.561 innbyggjarar i Longyearbyen. 933 har andre pass enn norsk.

Longyearbyen er framleis stappfull og næringslivet slit med å finne heimar til dei som treng. Samstundes seier styresmaktene igjen at me er mange nok. Blir me fleir, får me større problem med infrastrukturen.

2023 gir oss kanskje også miljøregelverk med strengare rammer for turismen, og for friluftslivet for oss som bur her. Det vil kanskje hjelpe på bustadproblematikken, men ikkje bulyst.

Til hausten er det nytt val til lokalstyret. Korleis vil valordninga fungere? Kven blir våre nye folkevalde og kor sterkt vil dei stå?

Longyearbyen treng tydelege politikarar, demokratiske prosessar, diskusjonar og å lufte ut trykket som murrar i lukka grupper på Facebook.

Me i Svalbardposten bretter opp ermene og er klare.

Med ønske om eit fredelegare nytt år der isen legg seg på fjorden, ikkje mellom folk.

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS