Leder:
Ein (U)trygg by
«Kva om det skulle skje noko med borna våre, ville me tilgi oss sjølve for at me vart buande?»
Christian Nicolai Bjørke
Snøgjerda over dei nordlege spisshusa i sentrum av Longyearbyen er synlege bevis på at byen blir sikrare. Men også på farane som det enno ikkje er gjort noko med. Snø- sørpe-, jord- og flomskred som kan dundre og sige ned mot hus i byen. Husa nærast fjellsida står tomme og ventar på at Longyearbyen lokalstyre og NVE skal få nok pengar til å rive dei og bygge store vollar. Så store at det er vanskeleg å sjå føre seg korleis det vil vera å traske oppover Hilmar Rekstens vei når den står klar. Vil den skugge for sola, eller ta bort dei mørke skuggane som kvilar over Lia i dag?
Tysdag er ein stor dag. Kanskje større enn nokon gong før. Då skal regjeringa legge fram revidert nasjonalbudsjett. Det bør gi folk i Longyearbyen rom for å pusta ut og senka skuldrane. Gong på gong har lokale politikarar hatt besøk av ministrar som har nikka og sagt at skredsikring er viktig, og til at Longyearbyen treng pengar eksternt for å trygga byen og bygga nye hus. Om stat og regjering vil ha eit levedyktig familiesamfunn (redusert frå robust frå førre Svalbardmelding), må dei ta grep no. Fleire familiar har allereie flytta ned som følge av skred og usikkerhet. Kva om det skulle skje noko med borna våre, ville me tilgi oss sjølve for at me vart buande?
Statsbygg ventar også på revidert, slik at dei kan finansiere bustadfeltet i Gruvedalen. Feltet som skal gi nye, trygge bustadar til stadlege, og kanskje offentleg tilsette og med det føre til at gamle hus blir frigitt til private. I dag bur mange på sofaer og andre lite framtidsretta soveplassar. Det er grenser for kor lenge det er verd å bu på Svalbard til ein slik logistikkpris. Det bør også lokale politikarar ta til seg når dei vel å gi folk som leiger ut bustader på fulltid på Airbnb ein bitteliten peikefinger. Vil dei som er motivert av hundretusenvis av kroner i året bli mjuke om hjartet av «me hadde sett stor pris om de kunne vera snille»?
1 måned digitalt abonnement
Digital måned
10,- den første måneden, deretter 203,- per måned
for 1 måned
Bestill her
1 år papir og digitalt abonnement
Komplett HELÅR.
2138,-
for 12 måneder
Bestill her
6 måneder papir og digitalt abonnement
Komplett halvår.
1215,-
for 6 måneder
Bestill her
1 år digitalt abonnement
Digitalt helår
1600,-
for 12 måneder.
Bestill her
6 måneder digitalt abonnement
Digitalt halvår
950,-
for 6 måneder
Bestill her
1 år komplett sør for Bodø
2578,-
Full digital tilgang, eAvis og papirutgaven én gang i uken.
Portotillegg pr. avis fra Bodø og sørover pålydende kr 10,-
Bestill her
6 måneder komplett sør for Bodø
1435,-
Full digital tilgang, eAvis og papirutgaven én gang i uken.
Portotillegg pr. avis fra Bodø og sørover pålydende kr 10,-
Bestill her