Inntrykk etter val-lesarbreva i Svalbardposten

Honnør til SP for plass til lokalstyrekandidatane sine lesarbrev. Eg har lese alle, og freistar å sjå kva som står eller berre seiast liner i mellom.

Reinhard Mook.
Publisert

De fleste ynskjer «godt valg». Ein floskel som fortel eg vel dårleg om eg ikkje røyster som brevskrivaren vil.

Eg sit att med inntrykk av kandidatar med, truleg, snevre interessefelt. Kvart felt i Lokalstyret henger i hop med fleire andre felt. Politisk kunst er å analysere alle og binde dei saman. Breva seier lite om det.

Nokre brev nemner politiske motstandarar ved namn. Finere hadde vore å seie kva ein sjølv står for og kvifor – og la det vere opp til lesaren å samanlikna med «dei andre».

Det finst brev prega av ideologi henta frå partia sentralt, nytta på Longyearbyen som om han var eit kva som helst samfunn på fastlandet. Blindskap for det individuelle lokalsamfunnet og historieløyse let meg tvile på kompetansen.

Eg tvilar òg på dei som skriv lite konsist med mange ord og lite innhald. Å styre krev å ha visjon. Å ha visjon krev å vite mykje. Kunnskap krev eigne tankar.

Eg spør meg kven som viser å kunne reise seg over eige parti, suverent tene Longyear-samfunnet som fellesskap. Kva haldning kan eg vente meg av kandidatanes personlegdom i den alltid opne framtida?

Det er òg innlegg som taler til kjensler og både hjarte og vett: Innlegg som tek fatt i menneska sine daglegdagse kår. Spektret av alle de einskilde behov kunne definere Longyearbyens ynskjelege rammevilkår. Skal ein meistre kompleks politikk, trur eg det føreset intuisjon saman med intellekt.

Longyearbyen er voven inn i nasjonale og planetariske vev. Lokalstyret har ansvar som krev strategisk og innovativ balanse for byens eksistens. Det er ikkje sikkert folk skal bu her til klima-synsranda år 2100. Svalbard kan òg kome til å vere siste håp for klimaflyktningar.

Powered by Labrador CMS