Energiskifte på utrygg grunn?

Innsenderen er kritisk til strategien Longyearbyen lokalstyre har valgt for energiomstilling.

ENERGIOMSTILLING: Energiverkets overgang fra kullfyring til andre energikilder skal lettes av en planlagt batteripark til over 60 millioner kroner, har lokalstyret vedtatt. Skissen viser en mulig løsning på konstruksjonen.
Publisert

Det er ei kompleks og difor vanskeleg oppgåve påliteleg å forsyne framtidas Longyearbyen med energi. Om målet er «bort frå kullet», er det jamvel ikkje berre å hoppe på nye teknologiar. De må vere vel prøvd og ha overlevd barnesjukdomar, de må kunne brukast på Svalbard. Alle røynsler frå energi-innovasjonar fortel ein må vere budd på vanskar.

Nitid planlegging

Difor er naudsynt å greie ut kva alternativ det finst for energi i Longyearbyen, omsyn teken med god tryggingsmargin til teknologiske, geografiske og av naturmiljøet gjevne grenser. Dette arbeid er i gang hos Olje- og Energidepartementet (OED). Det ligg i saka si natur at oppgåva krev tid.

Lokalstyret (LL) vil spare pengar og alt år 2023 slutte med å hente energi frå kull. Men spørsmålet tvinger seg fram kor realistisk eit faktagrunnlag LL måtte ha i høve til bærekraft og bruksverdi av opplegget sitt. OED treng meir tid neppe for å sinke omlegginga men for å kunne peike på tryggaste veg som står seg i praksis.

Den «grønne» energien

Spare pengar og «grønnare» energi er freistande mål på ei politisk arena. Men korkje å framstille eller gjere til inkje rotorar til vindmøller eller solceller er «grønne». Kor i byen skulle solcelle-parken stå? Skal cellene styrast etter sola sin posisjon? Kor skulle vindparken etablerast? Kva slags grenser set det geografiske rom, tilhøva for sol og vind, omsyn til miljø og ymse behov? Energien i solar stråling og vind er spreidd, er svært så kostbar å få samla, på fastlandet avhengig av politisk vilje og subsidiar.

LL vil investere i maskinar som kan drivast med fossilt brennstoff, omsider kan hende ammoniakk framstilt ved vindkraft. Det endelege målet i flyten av energi skal vere elektrisitet og varme. For kvart ledd i flyten av energi går «tapt» energi å gjere seg nytte av. «Alt etande motorar» nytter ikkje kva brensel som helst like godt.

Vent på OED

OED er i ferd med å avklare kjende og enno løynde problem knytt til å brigde energiforsyninga. Kvifor ikkje vente på utgreiinga for å oppnå eit så sterkt grunnlag som råd før avgjerder? I siste lekk vil LL måtte vente på at staten legg pengar og premissar på bordet. .

Powered by Labrador CMS