Avskil frå SNN etter 61 år

«Svalbard Service» ved Tromsø Sparebank kom til Longyearbyen i 1959. Ein av få institusjonar utanfor SNSK, sjølvsagt med selskapets samtykke.

Reinhard Mook.
Publisert

Drivande argument: Kunne hjelpe kunden ved å kjenne hans kår frå nært hald. Dei fyrste ti åra heldt banken til i «Velferdsbygget». I 1980 blei filialen opphøgd til «Svalbard Sparebank – Avdeling Tromsø Sparebank». Lånesøknader kunne avgjerast lokalt, avdelinga fekk saksansvar. Alt i 1982 var Svalbard Sparebank online med Fellesdata i Oslo. Banken i Longyearbyen har overlevd bankkrisa i 1989. No gjev digitaliseringa institusjonen etter 61 år banesår.

Banken treng inntekt for å kunne tene samfunnet. Avdelinga på Svalbard skriv ikkje raude tal. Fridomen til å leggje ned på Svalbard inneber òg ansvar for verknader. Omsyn teken til Svalbard si stilling internasjonalt, Longyearbyens spesielle vilkår og politiske målsettingar kunne tale for å halde fram. Banken fysisk til stades eig ein annan kvalitet enn elektronisk kundesamband med ein sentral på fastlandet.

Ikkje alle elektroniske handlingar med banken som lekk er greie. Digitale løysingar kan ikkje erstatte bankens lokalt sosialiserte tilsette. Kva dei har ytt og rolla deira til beste for alle partar vil bli openbert med saknet. Det er ugreitt for banken sitt omdømme å stenge nett når byen er i økonomisk og strukturell krise. Alle reaksjonar på vedtaket om å leggje ned var prov på behovet for banken på Svalbard. Det ville ha heidra leiinga i SNN å lande på i det minste ein krympa filial.

Norsk valuta på Svalbard vart einerådande i 1980 etter påtrykk frå Noregs Bank. Staten lyt syte for at norske setlar og mynt framleis vil vere tilgjengelege og i omløp på Svalbard.

Reinhard Mook,

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS