Leserinnlegg:

Lia in memoriam

Til juni kjem ein skredvoll dit 21 hus har stått til nå, fortel SP på side 3 den 14. november 2019.

nabolag: Der bustadane tidligare var fulle med liv, rår no stilla før rivinga tar til.
Publisert
Reinhard Mook.

Dei som har budd der tek med seg minna. Spor etter hus blir borte under vollen for godt. I nord, staden der to menneske mista livet og langt fleire kunne ha omkomma om alle hadde vore heime eller ikkje vore «heldige», den plassen er prega for alltid for dei som veit.

Nokon absolutt tryggleik for menneskeskapte verk i høve til naturen finst ikkje. Det veit «alle». Men det vitet får liten plass i det urbaniserte samfunn med sine vitarar som passer på seg sjølve og alle oss andre. Mange veit òg at inkje gale hender før ei meir eller mindre lang rekkje av vilkår er oppfylt. Men skredsnø hadde slikka tidleg på hus under Sukkertoppen. Naturen sjølv hadde fortald kva som på visse vilkår kunne kome til å hende.

Signala blei borte med dei som visste. Og dei som i det private spekulerte, korkje hadde eller fekk dei legitimitet å få mistankar oppfylde. Sant nok, fleire kvar for seg lite sannsynlege tilhøve måtte inntreffe på same tid og same område før dei tragiske hendingar i 2015 og 2017 kunne skje.

Ikkje få i byen visste at ekstremt sterk vind over ekstremt lang tid flytter ekstremt mykje snø, eller sand med, og legg til rette svære masser for skred. Men dei visste ikkje å varsle, hadde ikkje mynde, stola òg på imaginære «rette vedkomande». Sysselmannen hadde folk ute, hadde «kontroll», men «tenkte» truleg berre i kategoriar av tak og lause ting i stormen.

No kjem permanente tiltak til, etter kvart. Dei er dimensjonerte med margin truleg diktert av skrekken og frykta. Ein kan spørje om ikkje husa kunne vore både spara og jamvel sikra med galleria under Sukkertoppen. Kva gjeld sørpeskred ut Vannledningsdalen finst der ny teknologi å bremse skredmassen med. Uvisst om alternativ til høge vollar er vurdert eller vollar byggjast, om enn i beste meining, som metode avgjort på slump.

Powered by Labrador CMS