Menneske eller automat på Hopen?

Automatisering vil svekke tryggleiken, meiner innsendaren av innlegget.

Vêrstasjonen på Hopen må vera bemanna som i dag,skriv Reinhard Mook i dette innlegget.
Publisert

Automatiske vêrstasjonar var i bruk i minst 80 år, i løynd utplassert på blant anna Svalbard under krigen. Stasjonane har vore styrte ved mekaniske klokkeverk, data gjort om til radiosignal, på kortbølgje spegla i ionosfæren over lange distansar.

Lufttrykk og temperatur var den strategisk viktigaste informasjonen. I dag er stasjonane elektroniske kunstverk, sensorar målar eit vell av ymse parameter. Frå isolerte stadar kjem data trygt fram over satellitt.

Den meteorologiske etaten, Vegvesenet med fleire driv automatstajonar og sparer menneskelege observatørar. I område med tett nettverk kan svikt i ein stasjon tålast. På Hopen ville automatstasjonens risiko svekke tryggleiken i datatilfanget for vêrvarslinga.

Elektroniske sensorar for komplekse fenomen, til dømes skydekke og syn horisontalt og vertikalt, hamler ikkje opp med kva menneskelege sansar og evner kan oppfatte, fortette og formidle av informasjon. Men nett kompleks kunnskap om «det levande vêret» trengst for handling i marginale og omskiftelege vêrtilhøve.

Hopen ligg strategisk til som ressurs- og hjelpestasjon i «polarfrontens kampsone» luftmasser i mellom, eit område trafikkert internasjonalt av skip, interkontinentale flyruter og med særs vêrfølsame verksemder som nytter ressursar. Her er òg den menneskelege ressurs som hjelper vesentleg for tryggleiken. Noreg som forvaltar av desse områda innafor Svalbard har eit spesielt ansvar internasjonalt.

Skulle så gale hende at Noreg på Hopen sparer seg til fant, kunne det vere grunn for ein annan stat å ta til seg oppgåver definerte som naudsynte.

Reinhard Mook
Longyearbyen

Powered by Labrador CMS