Leserinnlegg:

Svalbard er ikkje ei villmark lenger, slik det ein gong var

Tommy Sandal skriv om bevaring av Svalbards villmark.

Midterhuken juni 2019: Eksempel på turistfartøy som set folk i land og oppheld seg der i fleire timar, tross Sysselmesterens oppmoding om å ikkje gå i land.
Publisert

Samtidig med nedbemanning og nedlegging av koldrifta valde norske myndigheter gjennom siste svalbardmelding (Stortingsmelding nr. 32 2015-2016) å leggja til rette for ein betydelig auke i volumet til reiselivet på Svalbard, godt hjelpne av innspel frå reiselivet sjølv (Masterplan Svalbard 2015). Dette skjedde til tross for at det alt då var ei betydelig reiselivsnæring på Svalbard.

Det kan stillast spørsmåltegn til kvifor denne storsatsinga på reiseliv, som ville føra til betydelig meir ferdsel på Svalbard, ikkje vart konsekvensutreda på forhånd, slik det er vanlig for anna aktivitet som kan få innvirkning på naturmiljøet. Til dømes ville opning av ei ny kolgruve utløyst krav om konsekvensutredning. Eg er kritisk til det som har skjedd, og meinar norske myndigheter har vore uansvarlige og lite kloke. Prinsippet om «føre-var» vart også lagt til side.

Båtstøy: Da Tommy Sandal sanket dun i Van Keulen-fjorden sommeren 2017 hørte han konstant båtdur i området, fortalte han Svalbardposten. Han mener dette ikke lenger kan kalles villmark.

Gjennom mine drygt 20 år på Svalbard (15 år som fangstmann) har eg vore vitne til ei nedbygging av Svalbards villmark, i form av auka ferdsel og trafikk av folk. Og etter siste stortingsmelding i 2015/2016 har denne auken ute i terrenget vore særlig merkbar. Eg har ikkje nøyaktige tal frå felten å visa til. Men data over innmeldt aktivitet og statistikk er å finna hjå Sysselmesteren og reiselivet sjølv for den som ynskjer å studera utviklinga nærare. Eg kan likevel nevna eksempel. Til dømes kunne ein på slutten av 1990-talet oppleva ein heil sommarsdag utan å sjå andre båtar på vestsida av Isfjorden, feks i Borebukta. På ein tilsvarande dag opplever ein no mange båtar, både kommersielle/turisme og private. I tillegg har det blitt stadig fleire midlertidige teltleirar (turisme) i det same området. Også framom brefrontane i Tempelfjorden og Billefjorden var det relativt stille ein sommarsdag for drygt 20 år sidan. Sommaren 2007 var eg ca 4 veker på Eholmen i Van Keulenfjorden saman med Louis Nielsen, på dunsanking. I løpet av den perioden opplevde me mange dagar (dei fleste) utan å sjå ein einaste båt i fjorden. Men eg hugsar Louis kommenterte at trafikken av turistfartøy hadde auka sidan han slo seg ned i Bellsund i 1981. Det som for meg virka som liten trafikk i 2007, opplevde nok han annleis. Uansett, i 2007 observerte me enkelte dagar 1 eller 2 båtar. Dette var både mellomstore cruiseskip og store og mindre seglbåtar, der dei fleste var innom kvitfiskstasjonen (Bamsebu) på sørsida av fjorden. Fleire av dei mindre seglbåtane ser private ut, men er ofte kommersielle. I 2011 var eg tilbake på Eholmen og båttrafikken hadde då auka. Eg såg båtar i fjorden dei fleste dagar i løpet av dei 4-5 vekene eg var der. Etter 2016 tok det heilt av og i åra 2017, 2018 og 2019 kunne eg oppleva å sjå 4-5-6 turistbåtar samtidig på ein dag rundt om i Van Keulenfjorden /Bellsund. Området var nesten daglig prega av eksos/dielsellukt, motordur og anna støy (som høglytte turistar i badebasseng på dekket av eit eller anna fartøy). Den same utviklinga har eg sett i andre i område, som i Hornsund, Kongsfjorden og Krossfjorden. I seilingssesongen har områdene mista sitt villmarkspreg.

Mange lokalitetar er også sårbare for ilandstigningar av folk, i form av forstyrring i hekke/yngletida og slitasje. Midterhuken er ein slik lokalitet. Fordi lokaliteten er trang og bratt, føler fuglar og dyr seg fort stressa her. Sysselmesteren oppmoda i fleire år turistfartøy om å ikkje gå i land der, av omsyn til fuglar og dyr. Fleire fartøy respekterte ikkje dette og og fortsette å setja i land masse folk (sjå bilde) i den mest sårbare tida. Det var skuffande å sjå kor kyniske mange var. Midterhuken har no endelig fått eit ferdselforbod i hekketida/yngletida. Både tidligare fangstmann i Bellsund Louis Nielsen og deretter meg jobba i totalt ca 20 år for å få gjennomslag for dette. Og det gjorde me fordi me såg kva som skjedde når folk gjekk i land på Midterhuken. Svalbardreinen (også nyfødde kalvar) som gjekk der rømde frå lokaliteten i løpet av sommaren, pga forstyrring. Kortnebbgåsa som hekkar der forlet egga i reiret eller sprang frå ungane sine, av same årsak. Kortnebbgåsa er svært sky og spring faktisk frå ungane sine når desse er små om den blir uroa i trangt og bratt terreng som på Midterhuken. Når dette er sagt, det er ikkje berre turistane som potensielt er årsak til forstyrring eller slitasje på Svalbard. Det gjeld også alle oss andre.

Det bekymrar meg også om langveisfarande folk som går i land på Svalbard kan dra med seg sjukdommar og parasittar som kan overførast til lokal flora og fauna her oppe. Med eit auka antal menneske frå alle verdensdeler som går i land antek eg at muligheten for at noko slikt kan skje.

Kven er det som har ansvaret for til ei kvar tid å vurdera omfanget av ferdselen og trafikken av folk på Svalbard i høve til begrepet villmark? Norsk Polarinstitutt? Sysselmesterens folk har ofte ikkje vore på Svalbard tidligare og jobbar her oppe i berre 2-3 år. Det same gjeld feltinspektørane. Dei gjer alle ein god jobb, men har ikkje sett utviklinga over tid og reagerar derfor heller ikkje på det dei opplever, i høve til villmarkspreget. I løpet av mine år har eg berre snakka med ein feltinspektør som syntest at omfanget av trafikken var urovekkande. Det gjeld også storparten av dei lokale som bur på Svalbard for ein kort periode. Derfor er eg redd det ikkje er mange som registrerar eller bryr seg om at områdene gradvis mistar sitt opprinnelige villmarkspreg.

Eg har stor forståelse for at bedrifter og fastbuande lokale folk med turisme som levebrød i Longyearbyen er redde for sine arbeidsplasser og er skeptiske til eit strammare regelverket. I mitt yrke som fangstmann er også eg til dels økonomisk avhengig av ein viss turisme, gjennom salg av råvarer og produkt til bedrifter og lokale i Longyearbyen, eit samarbeid eg absolutt set pris på. Men det bør likevel gå an å bevara mest mulig av Svalbard som ei villmark. Måtehald er som kjent ikkje oss menneske si sterkaste side, men det bør gå an å halda turismen på eit meir bærekraftig nivå, utan at næringslivet i Longyearbyen taper på det. I følge reiselivets eigen «masterplan» er det eit mål at mest mulig av trafikken skal styrast til Longyearbyen og omegn. Eg vil tru potensialet for å gjera turismen både meir eksklusiv og bærekraftig, utan at det uviklar seg til masseturisme, er stort. For eg har eit inntrykk av at leiinga i reiselivet på Svalbard i dag er meir opptekne av vekst og volum enn bærekraft når alt kjem til alt. At det blir snakka om bærekraft og samtidig jobba for vekst er lite truverdig.

Oppfatninga av kva som er villmark vil nok opplevast ulikt mellom oss menneske, avhengig av kva bakgrunn og historikk me har. For min del er villmarksfølesen for lengst forsvunne på vestkysten av Svalbard sommarstid, pga den omfattande ferdselen. Etter det eg har vore vitne til i felten dei siste 15 åra, har den store auke i ferdsel av folk i terrenget ført til at stadig meir av Svalbardnaturen store delar av året ikkje lenger kan betraktast som villmark. Dette er etter mitt syn eit brot på eitt av dei overordna mål norske myndigheter sjølve har skreve om forvaltning av Svalbard, nemlig "bevaring av områdets særegne villmarksnatur" (jfr Stortingsmelding nr.32 (2015-2016), Stortingsmelding nr.22 (2008-2009), Stortingsmelding nr.9 (1999-2000), Stortingsmelding nr. 22 (1994-1995), Stortingsmelding nr. 42 (1992-1993) osv. Alt i Stortingsmelding nr. 50 (1990-1991), næringstiltak for Svalbard, kan ein lesa: «Regjeringen vil legge forholdene til rette for utvikling av reiseliv som næring på Svalbard. Turismen må styres og den må ikke utbygges i et omfang som kan true områdets særegne villmarksnatur». Desverre er det nettopp det om har skjedd. Eg er skuffa over at myndighetene let dette gå så langt.

Eg håpar norske myndigheter no tek meir ansvar og ikkje gløymer dei forpliktelsar dei har for å ivareta også villmarka på Svalbard.

Powered by Labrador CMS