Leserinnlegg:

Covid-19 i perspektiv

World Health Organization finn at covid-19 pasientar utviklar antistoff, men kan enno ikkje stadfeste immunitet som varer.

REinhard Mook boe i Longyearbyen og følger med på det som skjer i byen når det gjelder Covid-19.
REinhard Mook boe i Longyearbyen og følger med på det som skjer i byen når det gjelder Covid-19.
Publisert

Det vil seie at same person vil kunne bli sjuk fleire gongar. La viruset spreie seg i von om å oppnå «flokkimmunitet» (Sverige, England) var eit tvilsamt eksperiment. Men det finst òg teikn på at immunitet oppnådd tidlegare mot liknande virus kan dempe covid-19 sin sjukgjerande verknad.

Vaksine finst ikkje enno. Det kan ta år for å finne og utvikle, prøve, godkjenne, produsere og bringe ut over heile verda. Potensielt, seier FN, kunne covid-19 rydde bort alle menneske. Liv og helse i lys av dagens medisinske båe kunnskap og uvisse lyt veie enno tyngre enn dramatikken i Longyearbyens næringsliv.

Longyearbyen utgjer ei lita folkemengd i høve til talet på turistar som «normalt» strøymar gjennom på kort tid. Utan karantene som strupeventil kunne byens attraksjonar i roller av «kondensatorar» sterkt multiplisere talet på smitta: Få bringer smitte uvitande til øya, mange i flokk vert smitta, reiser enno «friske» attende ut i verda og smitter vidare der ute. Svært sannsynleg ville viruset bli «buande» og lenge sirkulere i byen.

Lufthansa, største flyoperatør i Europa, venter ikkje stabilitet i etterspurnad før i 2023, på den tid med eit tresifra tal færre fly og femsifra færre tilsette. Den vurderinga kan tene som peikepinn på kva Svalbard kan vente seg de næraste to eller tre åra av tal på turistar som tør og har råd til å komme hit.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS