Det tragiske i Svea

Reinhard Mook har tanker rundt oppryddingen i Svea.

Reinhard Mook mener Longyearbyen Lokalstyre har et moralsk ansvar for å sikre veterinæren bolig.
Reinhard Mook mener Longyearbyen Lokalstyre har et moralsk ansvar for å sikre veterinæren bolig.
Publisert

Rolla til dei som har gjort Lunckefjellet tilgjengeleg og til dei som nå i Svea skal slette spor, minner om skodespela i Athen for om lag 2500 år sidan: Tragediar. Lagnader leier menneska opp i uløyselege dilemma. Aktørane vert uskuldig skuldige, nøydde å handle mot sine eigne menneskelege verdiar.

Ingen gudar eller lagnad men politisk makt har kravd at kullet, opparbeidd for å kome til nytte, vert utilgjengeleg og sofistikert teknologi gjort til skrapjarn. Folka som tilinkjegjer verdiar er fanga i dilemmaet: Etikken krev respekt for materielle gode og gjev ansvaret å styre med dei til beste for levekår. Men denne etikken må brytast med, den etiske plikta kolliderer med lydnaden mot styresmakta.

Dei som skal slette gruvedrifta sine spor kan kjenne skuld å øydsle bort ressursar, å syne respektløyse mot ingeniørar sitt kunstverk, å gjere at kullet nå hentast andre stader kan hende mindre varsamt. Det er i så fall den tragiske skuld som råkar skuldlaust og tynger samvit utan skuld.

Det tragiske ligg Ikkje i å gi land attende til naturen. Tragisk er den meiningslause meining ikkje å ta opp kull til metallurgisk industri når først mange folk har arbeidd for det i år av sine liv. Omverda som tilskodar i dag og morgondagens historie vil felle sine dommar.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS