Leserbrev:

Ei lang ørkenvandring

Realistisk optimisme tillet kan hende å vente ei konsolidering av turismen på Svalbard frå år 2024 av.

Reinhard Mook.
Reinhard Mook.
Publisert

Korona-insidensen er på veg opp att i mange land. Om dei vert «gule» med omsyn til karanteneplikta ved innreise til Noreg før ljoset kjem attende på Svalbard i 2021, det veit ingen. Det er grunn å vere budd på at ingen turistar andre enn frå det norske fastlandet kan kome, og berre om sannsynet for å importere korona til Svalbard held seg toleleg lågt.

Vesentleg mindre smittepress er ikkje å vente før det er utvikla og prøvd ein trygg vaksine. Å ta til snarvegar på det feltet kan gjere vondt verre. Om vaksine i beste fall skulle vere tilgjengeleg seint i 2021 vil det ta si tid å byggje opp kapasitet å produsere og vaksinere ein vesentleg lut av folkemengda i verda.

Økonomien i verda vil vere råka av pandemien. Det ville vere rart om nedgangen ikkje dempa turismen internasjonalt, ikkje minst òg flytrafikken. Klima-krav vil virke i same retning. Realistisk optimisme kan vere å vente ei konsolidering av turismen på Svalbard frå år 2024 av.

Konkursar kan ein unngå ved ein mellombels lov som seier: Ingen konkurs om alle partar er samde om ei framtid for eit føretak etter korona.

Reinhard Mook, Longyearbyen

Powered by Labrador CMS