Leserinnlegg:

Energiutfordringer i Longyearbyen

Reinhardt Mook om energiutfordringer i Longyearbyen

Publisert

Lokalstyreleiar Arild Olsen har teke opp emnet i Svalbardposten nr. 41, 1. november 2018, s. 21: Opplegget for dagens energiforsyning er lite rasjonelt. Nokon taktisk strategi for framtida finst enno ikkje.

Når gruve 7 i si tid blir tømt, med «nei» til kull, uaktuell kjernekraft, helt i uvisse om jordvarme og vasskraft og krevjande opsjonar, fossil olje eller gass er lite ynskjelege. Kor skal energien kome i frå når lokalt korkje vind eller sol er tilgjengeleg? Og når lagra energi-overskot ikkje samsvarer med naudsynt effekt over tid?

Longyearbyen, Kongerike Noreg sitt «prosjekt», treng klåre energi-politiske signal tufta på mogen teknologi og statlege midlar. Det trengst ein overordna plan, helst «i dag». Vel vi heilt ut fornybar energi må lokale kjelder (sol, vind) ved kabel køyrast saman med vass- og vindkraft frå fastlandet, om ikkje til dømes gass-kraftverk vert alternativet.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS